Faktaboks

Kjell Askildsen
Fødd
30. september 1929, Mandal, Agder
Død
23. september 2021
Verke
Forfatter
Familie

Foreldre: Lensmann Arne Askildsen (1898–1982) og Aasta Håverstad (1898–1978).

Gift 1) 7.8.1951 med sekretær Edith Dorothea Mathiessen (4.9.1931–), ekteskapet oppløst 15.3.1968; 2) 20.6.1992 med kunstformidler Gina Giertsen (27.6.1944–), datter av ingeniør Sigurd Børre Giertsen (1913–86) og sekretær Gunvor Nyboe (1919–89).

Kjell Askildsen

Kjell Askildsen

Av /KF-arkiv ※.

Foto: Finn Ståle Felberg

.
Lisens: Avgrensa gjenbruk

Kjell Askildsen var ein norsk forfattar, ein av dei fremste novelleforfattarane i Norden. Med språkleg måtehald har han skrive fram ein umiskjenneleg stil og vore ein leiande figur i den norske etterkrigslitteraturen. Blant novellesamlingane er Thomas F's siste nedtegnelser til allmenheten (1983), Et stort øde landskap (1991) og Hundene i Tessaloniki (1996).

Bakgrunn

Kjell Askildsen voks opp i Mandal og tok examen artium i 1949. Same året byrja han å studere ved Universitetet i Oslo, men i 1950 avbraut han studia.

Askildsen voks opp i eit pietistisk miljø i Mandal, der frykta for fortaping prega kvardagslivet og sette sterke skilje mellom kristenfolket og arbeidarklassa.

Askildsen var ung då andre verdskrigen braut ut, men alt som tolvåring var han involvert i arbeid for motstandsrørsla. Under krigen levde han skild frå foreldra, som måtte flykte til Sverige. Etter krigen, då han gjekk på gymnaset, tok han avstand frå kristendomen og byrja å kalle seg kommunist. Slik voks det òg fram ein avstand mellom han og foreldra, og i bøkene har han frå byrjinga av avidyllisert familierelasjonar og kritisert pietismen.

Då han i 1950 reiste til Schleswig-Holstein for å tenestegjere i Tysklandsbrigaden, lærte han seg tysk. Askildsen blei militærnektar under opphaldet i Tyskland og nekta å ta korporalkurset då han kom heim. Han blei difor send på arbeidsleir på Dillingøy i Moss.

Forfattarskapen

Bokomslag

Kjell Askildsen. Hundene i Tessaloniki. Oktober.

Bokomslag

Askildsen er ein kresen forfattar, med ein liten, men mektig produksjon. Novellekunsten til Askildsen er i dag verdsett i Noreg og i fleire andre land som kunstverk om korleis menneska lever saman, korleis dei held ut når noko går gale, eller i den heilt vanlege kvardagen.

Skrivestil

Novellekunsten til Askildsen er ein setningskunst. Forteljingane hans hentar styrke frå presise og råkande formuleringar, og han har ei evne til å fange talande situasjonar i reinskorne tankar og dialogar. I novellene nyttar han ofte forteljarrommet til å skape enkle, men verknadsfulle scener: Om novellepersonen oppheld seg i stova, på verandaen eller i hagen er alt anna enn vilkårleg i Askildsen sitt univers. Askildsen har eit ry som ein minimalistisk og kresen forfattar. Sjølv har Askildsen teke avstand frå merkelappen som «minimalistisk» og heller halde fram at han skriv fortetta og konsentrert – utan overflødige ord.

Debut, mottaking og gjennombrot

Debutboka Heretter følger jeg deg helt hjem kom i 1953 og vekte mykje oppstyr på grunn av skildringane av ung seksualitet. Novellesamlingablei oppfatta som ein skandale i Mandal, og folkebiblioteket i heimbyen nekta å låne henne ut. Askildsen fekk dermed eit vanskeleg forhold til barndomsbyen. Etterkvart fekk Askildsen omsider innpass i heimbyen Mandal. Under Festspillene i Bergen i 1990 delte dåverande ordførar i Mandal ut eit kulturstipend til Askildsen og bad om orsaking for måten byen hadde teke imot debutboka på.

Askildsen fekk sitt første litterære gjennombrot mot slutten av 1960-åra. Særleg novellesamlinga Kulisser blei teken godt imot av ei rekkje yngre, modernistiske forfattarar og kritikarar, og til dømes Profil-krinsen beundra litteraturen til Askildsen. Romanen Omgivelser gjorde han kjend for eit større publikum.

Politisk plassering

Utover i 1970-åra var Askildsen tydeleg plassert på venstresida i politiske spørsmål. Han var ein av mange forfattarar som støtta opp under AKP(m-l), utan at han nokon gong var betalande medlem av partiet. Han var ein sentral figur i konfliktane i Den norske Forfattarforeining. Dette var ei politisk brennbar tid, og dei to bøkene han skreiv dette tiåret, romanane Kjære, kjære Oluf (1974) og Hverdag (1976), er sosialrealistiske og eksplisitt politiske. Askildsen bytte forlag i midten av 1980-åra, frå Aschehoug forlag til Forlaget Oktober, og blant forfattarane til Oktober fekk han mange litterære vener.

Romanar

Blant dei fem romanane til Askildsen står Davids bror (1957) og Omgivelser (1969) som viktige bøker i norsk litteraturhistorie. Askildsen var sjølv misnøgd med den første romanen sin, Herr Leonard Leonard (1955), som rett nok er noko svevande og luftig i sine drøymande skildringar. I den meir jordnære Davids bror skildrar han brorskapen mellom Frans og David, der David er i ferd med å døy av leukemi. Samstundes skriv Askildsen fram ein tematikk som seinare blir sentral i heile forfattarskapen, til dømes knytt til autoritetar og undertrykking, frigjering og rollespel.

Handlinga i Omgivelser – som òg er filmatisert under tittelen Maria Marusjka (1973) – går føre seg på ei øy. Det utviklar seg eit sjalusiforhold mellom fire personar. Med finstilte forteljargrep viser Askildsen korleis personane er fanga av omgivnadane, og korleis forventningane deira innskrenkar fridomen til dei andre. I denne romanen finn vi òg nokre setningar som kan stå som ein poetikk for Askildsen sin forfattarskap: «Den som forteller sannheten, lyver. Den som dikter, lyver ikke».

Noveller

I 1980- og 1990-åra markerte Askildsen seg som ein av dei store novelleforfattarane i Norden. Med boka Ingenting for ingenting (1982) vende han attende til novellesjangeren og samstundes til ei mindre påtakeleg politisk programdikting. Thomas F’s siste nedtegnelser til almenheten (1983) inneheld to noveller. Hovudpersonen som gir namn til tittelnovella, kan skildrast som misantropisk og resignert. Men måten lesaren blir kjend med han på, gir Askildsen rett i påstanden om at han først og fremst er realist: Askildsen ser døden i kvitauget, men greier samstundes å setje menneskelivet i relieff. Samlinga inneheld òg novella «Carl Lange», som er rekna som ei av hans beste.

I 1991 gav han ut Et stort øde landskap, som er den mest prisvinnande boka hans. Lenge trudde ein at Hundene i Tessaloniki (1996) skulle bli den siste novellesamlinga til Askildsen, sidan han hadde vorte tilnærma blind og slutta å skrive. I 2015 kom likevel Vennskapets pris. Ho inneheld noveller som Askildsen skreiv mellom 1965 og 2004, men som han, med unntaket «Martin Hansens utflukt», aldri gav ut.

Omsetjingsarbeid

Askildsen har i tillegg til ein omfattande forfattarskap omsett andres bøker, mellom anna Hermann Brochs romantrilogi Søvngjengerne (1968–1969) og Bertolt Brechts Tysk krigs-ABC (1984), dessutan ei rekkje teaterstykke for Nationaltheatret.

Anna litterært engasjement

I 1960-åra arbeidde Askildsen ein periode i Kunstnarforbundet og i Det Bestes bøker. Han var med på å grunnleggje Norsk Forfattarsentrum i 1968. Frå 1972 til 1973 var han styreleiar og dagleg leiar i organisasjonen. Han sat i det litterære rådet i Den norske Forfattarforeining i to periodar, først mellom 1978 og 1980, så mellom 1984 og 1987.

Utmerkingar

Askildsen fekk Mads Wiel Nygaards legat i 1969 og Aase Byes legat i 2011. Han fekk Kritikarprisen to gonger, for Thomas F’s siste nedtegnelser til almenheten i 1983 og for Et stort øde landskap i 1991. Vidare fekk han Riksmålsforbundets litteraturpris (1987), Aschehougprisen (1991), Doblougprisen (1995), Brages heiderspris (1996), Oktoberprisen (1997), Det norske akademis pris til minne om Thorleif Dahl (2004) og Svenska Akademiens nordiske pris (2009).

I 1990 var han festspeldiktar under Festspillene i Bergen. I 2006 kåra Dagbladet Thomas F’s siste nedtegnelser til almenheten til den beste norske skjønnlitterære boka dei siste 25 åra. Askildsen fekk Mandals kulturpris i 1999. Då Sørlandets litteraturpris vart delt ut i 2010, fekk han heiderspris. I Mandal bibliotek står det no ei byste av Askildsen.

Utgjevingar

Noveller

  • Et deilig sted : utvalgte noveller, Oktober, 2019
  • Vennskapets pris, Oktober, 2015
  • Samlede noveller og romaner 1–12, Oktober, 2009
  • En plutselig frigjørende tanke – noveller 1954–1999, Oktober, 2009
  • Alt som før – noveller i utvalg, Oktober, 2005
  • Samlede noveller, Oktober, 1999
  • Hundene i Tessaloniki, Oktober, 1996
  • Et stort øde landskap, Oktober, 1991
  • En plutselig frigjørende tanke, Oktober, 1987
  • Thomas F's siste nedtegnelser til allmenheten, Oktober, 1983
  • Ingenting for ingenting, Aschehoug, 1982
  • Kulisser, Aschehoug, 1966
  • Heretter følger jeg deg helt hjem, Aschehoug, 1953

Romanar

  • Hverdag, Aschehoug, 1976
  • Kjære, kjære Oluf, Aschehoug, 1974
  • Omgivelser, Aschehoug, 1969
  • Davids bror, Aschehoug, 1957
  • Herr Leonard Leonard, Aschehoug, 1955

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Litteratur

  • Berdahl, Geir: «Etterord» i En plutselig frigjørende tanke – noveller 1954–1999. Oslo 2009
  • Hagen, Alf van der: Kjell Askildsen. Et liv. Oslo 2014
  • Hagen, Alf van der: Dialoger, [b. 1], 1993
  • Humpál, Martin: «Rasjonalitet og irrasjonalitet i Kjell Askildsens 'Thomas F's siste nedtegnelser til almenheten' og 'Johannes' oppmuntrende begravelse'» i NLÅ 2003, 228–40
  • Imerslund, Knut: «Linjer i et forfatterskap» i Edda 75 (1975), 355–68
  • Næss, Atle: «Frigjøring: et tema i tre romaner av Kjell Askildsen» i Edda 81 (1981), 228–32
  • Olsen, M.H. & Anne Gjeitanger, red.: Festskrift til Kjell Askildsen [...], 1999
  • Olsen, M.H.: Tråder, 1989 (kap. 2: «Kjell Askildsen, et forfatterskap»).
  • Rottem, Øystein: Norges litteraturhistorie, b. 7: Inn i medietidsalderen, 1997
  • Skyum-Nielsen, Erik: «Tavshed og tale i Kjell Askildsens prosa» i NLÅ 1991, 34–41
  • Terland, Ingrid: Sørlandsforfattere [...], 2002, 290–301 (bibliografi)

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg