Faktaboks

Ruth Alvsen
Fødd
2. juni 1913, Bodin (no Bodø), Nordland
Død
16. november 1974, Skien, Vestfold og Telemark

Ruth Alvsen var redaktør, journalist og forfattar. Ho var mellom dei første norske kvinnelege journalistane som dreiv oppsøkjande reportasjejournalistikk.

Ruth Alvsen var fødd i Bodin i Nordland. Ho las først handelsfag i Bodø. Examen artium tok ho i 1938 i Bergen, og i 1946 studerte ho ved City of London College i tre månader.

I 1930 fekk Alvsen kontorjobb i Bergen. Frå 1937 og fram til krigsutbrotet i 1940 var ho tilsett som journalist i Gula Tidend. Under andre verdskrigen arbeidde ho mellom anna ved pressekontoret til den norske legasjonens i Stockholm, i 1944. Ho var journalist i Morgenbladet frå 1945 til 1948, deretter kom ho til Gula Tidend same året, og frå 1949 var ho avisa sin Oslo-korrespondent.

Frå 1953 til 1954 var Alvsen redaksjonssekretær i For Bygd og By. Deretter var ho redaktør i Telemark Tidend frå 1955 til 1958 og samstundes journalist i Varden fram til 1962. Ho var sekretær ved NRKs informasjonskontor i 1963 og journalist i Alle Kvinners Blad frå 1964. Alvsen skreiv òg bokmeldingar og gjorde omsetjingsarbeid. Ho var ein profilert journalist på nynorsk, og ho nytta begge målformer.

Ho skreiv fleire forfattarportrett, mellom dei om Tor Jonsson og Jan-Magnus Bruheim. Ho fekk dessutan Sigrid Undset i tale i eit intervju for Morgenbladet i 1945 om Knut Hamsuns landssvik.

Alvsen debuterte med ei novellesamling, På alle fire, i 1940 og gav sidan ut tre bøker. Etter ei reportasjereise publiserte ho boka Jomfru Marias brunn (1950) om konflikten mellom Israel og palestinarane. Slik vart ho ein av dei første norske journalistane som ytra seg om Midtausten-spørsmål. Boka Ferdaminne 100 år etter (1960) kom først i artikkelform tinga av avisa Varden. Alvsen tok utfordringa frå avisa om å følgje Aasmund Olavsson Vinje på vegen over Dovre, ei ferd ho gjorde på moped. Boka er humoristisk og ei kjærleikserklæring til norsk kultur og natur, og ikkje minst til Vinje sjølv.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Litteratur

  • Kåre Kleivan og Simen Kr. Hangaard: Pressefolk. Oslo 1967
  • Ingar Sletten Kolloen: Berre kjærleik og død. Ein biografi om Tor Jonsson. Oslo (1999) 2001
  • Reidun Kvaale: Kvinner i norsk presse. Oslo 1986

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg