Hopp til innhold
X
Innhald

Arve Henriksen

Arve Henriksen (fødd 1968) frå Stryn, busett på Eidsvoll Verk. Musikar. Ein av dei leiande trompetspelarane i Noreg innan improvisasjonsmusikk.

Henriksen brukar ofte stemma og elektronisk perkusjon i tillegg til trompeten. Gjekk musikklina ved Firda gymnas, og er utdanna ved jazzlina på Musikkonservatoriet i Trondheim 1987–1991.

Starta som frilansmusikar i 1989. Har spelt på meir enn 40 plater med mange internasjonalt kjende musikarar, og har turnert og halda konsertar over heile verda. Er med i eit titals ulike band og har komponert musikk til Balejazz, Vossa Jazz og danseframsyninga «My own private furry». Gav i 2001 ut soloplata «Sakuteiki» som han vart nominert til Spellemannsprisen for i 2002 i «Åpen klasse».

Tildelt den høgthengande Buddyprisen 2005 frå Norsk Jazzforum og jazzprisen til Kongsberg Jazzfestival i 2011.

I 2013 gav han ut soloplata «Places to Worship».

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 29.01.2021