Faktaboks

Audhild Viken
Fødd
5. juli 1915, Jølster
Død
16. desember 2000

Audhild Viken var tradisjonssamlar, vevar og gründer. Ho var ein pioner når det gjeld framstilling og omsetnad av vovne og strikka husflidsvarer med utgangspunkt i nedarva mønster, fargeval og teknikkar frå Jølster og bygdene omkring.

Audhild Viken var fødd i Jølster og budde der til ho døydde. Ho hadde inga anna utdanning enn folkeskule, der ho miste eit år på grunn av sjukdom. Ho voks opp på garden Fossheim i Jølster, der mor hennar, Olina Fossheim (1887–1969), var vide kjend som ei kjelde til kunnskap om og samlar av tradisjonell klednad, særleg bunadsklede, vovne åklede og løparar. Viken organisererte eit stort nettverk av medarbeidarar rundt om i heimane og utvikla eit salsapparat gjennom firmaet Audhild Vikens Vevstove på Skei i Jølster, etter kvart den største turisthandelsverksemda i Noreg, med utsal ei rekkje stader rundt om i landet.

Audhild Vikens Vevstove

Oppstarten

Under krigen 1940–1945 vart det god marknad for vevnader på grunn av mangel på tesktilartiklar. Like etter krigen kom andre varer som utkonkurrerte vevsakene ei tid. Men tidleg i 1950-åra tok omsetnaden seg opp att, og Viken starta ei vevstove med mange vevstolar og etablerte firmaet Audhild Vikens Vevstove på Skei i Jølster i 1950. Litt etter vart ektemaken arbeidsufør, og Viken vart eineforsørgjar av familien med mann og to søner.

Audhild Viken var ei uvanleg tiltaksam kvinne. Ei kort tid prøvde ho oppdrett av griser som næring, og ho leigde ut hus til turistar. Men snart tok arbeidet med produksjon og omsetnad av husflidsvarer all tid. Ho hadde no skaffa seg rikeleg tilgang til heimeproduserte husflidsvarer, men problemet var å nå fram til kundane med marknadsføring og sal. Ved oppmuntring og hjelp frå vener kom ho i gang med sal i distriktet ved å oppsøkje kundane, først ved rutegåande transport, med båt, til fots, på sykkel og moped, og etter kvart med bil. Det viste seg at interessa for produkta ho baud fram, var stor, og salet auka sterkt. Når kundane av og til syntest at varene var dyre, svara ho at samanlikna med arbeidsinnsatsen som låg i produkta, var vevsakene noko av det billegaste dei kunne kjøpe.

Produksjon og omsetnad

Audhild Viken sette i 1970 opp eit enkelt utsal på Skei og utvida salsframstøytane til Momarkedet, og ved reiser både til Sørlandet og Vestlandet elles. Det vart ei fast ordning med salsturnear ein månads tid kvar sommar. Ofte var det slekt eller vener som tilbaud overnatting. Etter kvart kunne opptil 200 medarbeidarar, dei fleste kvinner, i Jølster og distriktet omkring, vere med i produksjonen, kvar i sin heim. Dette vart ei viktig attåtinntekt for desse kvinnene, der fritida kunne nyttast til inntektsgivande arbeid. Svært mange var husmødrer som ikkje hadde arbeid utanfor heimen, og for dei var husflidsproduksjonen ei viktig inntekt.

Viken tilsette etter kvart faste medarbeidarar og måtte sjølv slutte å veve for å ta seg av drifta av firmaet, særleg organiseringa av og kontakt med medarbeidarane, og val av nye mønster og fargar i produkta. Utsalet på Skei vart utvida etter kvart og trekte til seg den aukande turiststraumen i Noreg utover i 1970- og 80-åra, og i heile tida etter. Turisthandelen auka sterkt framover mot tusenårsskiftet. I sommarsesongen vart utsalet på Skei ein fast stoppestad for turistbussar frå mange land og turistar frå alle verdsdelar. Slik er det framleis.

Utvida drift

Enno i Audhild Vikens levetid, særleg etter at sonen Hallvard og kona hans, Eli, kom inn i firmaet, vart produktomfanget i firmaet utvida kraftig, i første omgang særleg med norske, tradisjonelle varer innanfor ulike former for brukskunst og gåveartiklar. Seinare er utsala utvida med sal av bunader, Astrup-reproduksjonar, smykke, juleartiklar og anna.

Etter kvart vart det etablert fleire butikkar. Nokre av desse butikkane utgjer Ting-kjeda, som hovudsakleg omset importerte gåveartiklar og bruksting, ei stor endring frå det Audhild Viken starta med. Audhild Viken AS har i dag butikkar på Skei, i Bergen, Oslo, Stavanger og på Dombås. Etterkomarar etter Viken har etter kvart teke over ansvaret for mesteparten av forretningsdrifta.

Heider

Audhild Viken sitt motto var: «Du veit ikkje kva du greier før du prøver, og det er utruleg kva du greier når du vil.» Innsatsen hennar vart lagd merke til i vide krinsar. Som påskjøning vart ho heidra med Fylkeskulturprisen for Sogn og Fjordane i 1988 og Kongens fortenestemedalje i 1989.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg