Faktaboks

Arnt Bakke
Fødd
28. mai 1907, Saltdal, Nordland
Død
13. oktober 1975

Arnt Bakke var ein norsk høgskulelektor og folkemusikksamlar. Han oppretta Nordnorsk Folkemusikksamling i 1949 og var den første styraren av samlinga.

Arnt Bakke var fødd i Saltdal i Nordland. Han tok musikkutdanning, og frå 1946 var han lektor i musikk ved Tromsø lærerskole.

Frå tidleg i 1930-åra samla Bakke folkemusikk frå Nord-Noreg, også samisk materiale. Etter kvart voks tanken om ei folkemusikksamling for landsdelen fram, og i 1949 blei Nordnorsk Folkemusikksamling oppretta som del av Tromsø Museum. Bakke styrte samlinga fram til han døydde i 1975. Det meste av tida gjorde han dette ved sida av full stilling som lektor ved lærarskulen.

Som styrar for Nordnorsk Folkemusikksamling gjorde Bakke eit omfattande arbeid med innsamling av norsk og samisk folkemusikk. I 1952 gjorde han det første lydopptaket av joik, med Nils Nilsen Biti frå Sjusjavrre, som joika 45 melodiar på lydband. Bakke bygde opp eit omfattande arkiv, som er kjent som joikearkivet. Han tok opp over 2000 joikar til samlinga og gjorde òg opptak av finskspråklege songar, det eldste opptaket er frå Bugøyfjord i 1956.

I 1955 reiste han med NRK på opptakstur gjennom heile Nordland, og i 1960 gjekk turen til Finnmark. Resultatet blei presentert i fleire radioprogram i NRK.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Litteratur

  • Arnt Bakke: «Folkemusikken i Nord-Norge». Ottar nr. 2, 1957. s. 1–9
  • Arnt Bakke: «Folkemusikkgransking i landsdelen», i Ørnulf Vorren (red.): Museum og universitet. Jubileumsskrift til Tromsø museum 1872–1972. Tromsø 1972, s. 104–109
  • Ola Graff: «The North Norway Folk Music Collection at the Tromsø Museum. The foremost Archive of Lapp (Sami) Music», Fontes Artis Musicae, vol. 51/2, 2004, s. 237–242
  • Rolf Myklebust: Femti år med folkemusikk. Oslo 1982
  • Arnfinn Stølen: Songskatten vår. Vokal folkemusikk frå norske samlingar. Oslo 1995
  • Ørnulf Vorren (red.): Museum og universitet. Jubileumsskrift til Tromsø museum 1872–1972. Tromsø 1972

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg