Faktaboks

Bjørn Bue
Fødd
30. januar 1934, Sola, Rogaland
Død
13. april 1997, Stavanger
Verke
Misjonsprest og biskop
Familie

Foreldre: Bonde Jonas Bue (1886–1943) og Teresia Svela (1891–1972).

Gift 1960 med lærer Else-Marie Joa (20.9.1934–), datter av bonde Andreas Joa (1909–94) og Margit Sola (1911–96).

Bjørn Bue var misjonær og biskop. Han hadde eit sterkt engasjement for menneskeverd og kyrkjevekst.

Bakgrunn

Bjørn Bue voks opp i ein bondefamilie, som den nest yngste i ein stor syskenflokk. Frå heimen fekk han med seg ei sterk interesse både for praktisk arbeid og kristen misjon.

Bue tok examen artium ved landsgymnaset på Bryne i 1953. Det meste av teologistudiet tok han ved Misjonsskolen i Stavanger, og i 1960 vart han cand.theol. frå Menighetsfakultetet i Oslo.

Misjonær

Saman med kona, lærar Else-Marie, f. Joa, vart Bue misjonær for Det Norske Misjonsselskap (NMS). Frå 1961 til 1979 arbeidde dei i Kamerun. Bjørn Bue engasjerte seg der i fleire landbruksprosjekt, og han leidde eit nasjonalt, fellesprotestantisk evangeliseringsprogram.

Misjonsengasjementet med kamp mot fattigdom og undertrykking er bakgrunnen for «Bjørn Bues minneforelesing» ved Misjonshøgskulen i Stavanger. Der har ulike talarar kvart år sidan 2002 sett søkjelyset på menneskerettane.

Sokneprest og biskop

Etter at han kom tilbake til Noreg, gjekk Bue inn i presteteneste. Frå 1981 var han sokneprest i den nye Gand kyrkje i Sandnes. Saman med andre tilsette og frivillige bygde han opp eit aktivt kyrkjelydsarbeid med mykje vekt på bøn.

Frå 1985 til han brått vart sjuk og døydde i 1997, var Bjørn Bue ein aktiv og avhalden biskop – også langt utanfor Stavanger bispedøme. Nasjonalt hadde han sentrale verv i Det Norske Misjonsselskap, Den norske Lausannekomiteen og Mellomkyrkjeleg råd, og internasjonalt i sentralkomiteen for Verdskyrkjerådet.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg