Faktaboks

Charles Bukowski
Henry Charles Bukowski, Heinrich Karl Bukowski
Uttale
bukˈowski
Fødd
16. august 1920, Andernach, Tyskland
Død
9. mars 1994, San Pedro, California, USA

Charles Bukowski var ein amerikansk forfattar. Han skreiv fleire tusen dikt, hundrevis av noveller og seks romanar. Bukowski er sjølve prototypen på ein undergrunnsforfattar som skildrar livet til fattige, utstøytte og øydelagde menneske. Det var dei lågaste sjikta i storbyen Los Angeles han skreiv om og sjølv var ein del av. Han fekk si første novelle trykt så tidleg som i 1944, men det var først på 1970-talet, då han skreiv sine første romanar, at han nådde ut til eit breiare publikum. Interessa for forfattarskapen har vore større i ettertid enn medan forfattaren levde.

Bakgrunn

Bukowski blei fødd i Tyskland som Heinrich Karl Bukowski, men flytta med foreldra til USA i 1923 og slo seg ned i Baltimore. I 1930 flytta familien til Los Angeles. Sjølv om han gjennomførte nokre reiser og oppheldt seg lange periodar rundt omkring i USA, var det Los Angeles som sette sitt preg på han, på godt og endå meir på vondt. Han voks opp med ein valdeleg far, han snakka engelsk med sterk tysk aksent og blei gjort til latter i nabolaget. Men han fullførte skulen og studerte eit par år før andre verdskrigen.

Tidleg oppdaga han at alkohol kunne vera til stor hjelp når livet gjekk han imot, og alkoholmisbruket følgde han heile livet. I periodar arbeidde han som postbod i Los Angeles, først i ein treårsperiode og deretter nesten ti år før han blei forfattar på heiltid, 49 år gammal. Eit kortvarig ekteskap gjekk tidleg over styr og blei følgt av ei rekkje kortare og lengre kjærleiksforhold, før han møtte Linda Lee Beighle i 1976 og seinare gifta seg med henne. Alle forholda utgjorde viktig materiale til tallause dikt og ei rekkje noveller. Han er også sjølv utvilsamt til stades i romanane sine som alter egoet Henry Chinaski.

Bukowski blei tidleg sett på som ein undergrunnsforfattar. Han har blitt kalla «laureate of American lowlife» og plassert blant dei «skitenrealistiske» forfattarane, noko som også kjem fram i tittelen på avisspalta «Notes of a Dirty Old Man», som han skreiv i eit par år. Han publiserte vidt og breitt, gjerne i ubetydelege og ukjende magasin og tidsskrift som fort blei lagde ned, og produksjonen var enorm. Først då han fekk eit tilbod frå forlaget Black Sparrow Press i 1969, slutta han i postverket og blei forfattar på heiltid. Den første romanen hans, Post Office, var ferdigskriven kort tid etterpå og kom ut i 1971.

Bukowski døydde av leukemi i 1994, 73 år gammal. På gravsteinen står det «Don't Try», henta frå eit av diktet hans. Med det meinte han at ein forfattar berre skal venta og venta til noko skjer. Diktaren må ikkje prøva å oppnå rikdom, ry eller udøyelegheit.

Forfattarskap

Bukowskis forfattarskap strekkjer seg over nesten 50 år, og store delar av den enorme mengda med dikt er gitt ut som samlingar etter at han døydde.

Lyrikk

Blant eit førtitals diktsamlingar kan ein nemna The Days Run Away Like Wild Horses Over the Hills (1969) og ei samling med utvalde dikt, Burning in Water, Drowning in Flame. Dei posthumt utgitte samlingane er ifølgje den offisielle nettstaden for forfattarskapen (bukowski.net) sterkt redigerte og ikkje slik dikta var frå handa til forfattaren.

Bukowskis tallause noveller blei samla i eit dusin bøker, dei fleste med titlar som knapt nokon annan ville brukt. Eit par døme: Confessions of a Man Insane Enough to Live With Beasts (1965) og Tales of Ordinary Madness (1983).

Romanar

Bukowski var gjennom det meste av livet først og fremst poet. Men dei seks romanane han skreiv mellom 1971 og 1994, var det han nådde lengst ut med, og som i ettertid kanskje står fram som det viktigaste han skapte. Dei er utan tvil sterkt sjølvbiografiske. I Ham on Rye følgjer me alter egoet hans, Henry Chinaski, gjennom plager og fornedringar i ungdomsåra, som berre alkoholen kan avhjelpa. Post Office trekkjer sjølvsagt på dei mange og slitsame åra hans som postbod i Los Angeles.

Film

Bukowski skreiv manuset til filmen Barfly, der Mickey Rourke og Faye Dunaway spelte hovudrollene. Krangel og utsetjingar undervegs blei materiale for romanen Hollywood (1989). Den belgiske filmen Crazy Love byggjer på nokre av Bukowskis noveller, og ein italiensk film byggjer på samlinga Tales of Ordinary Madness. Også Factotum blei til film (2005), regissert av Bent Hamer og med Matt Dillon i hovudrolla.

Omsetjingar til norsk

Berre eit fåtal av bøkene til Bukowski ligg føre i norsk omsetjing, sjølv om dei fleste romanane er omsette. Diktsamlinga Dagene fyker av sted som ville hester over alle hauger kom ut i 1980, og novellesamlinga Sør og ingen nord kom ut i 1983. Romanane Postkontoret (1983), Nedenom og hjem (1996) Pulp (2006) og Faktotum (2008) ligg også føre på norsk.

Utgivingar

Diktsamlingar

Eit utval

  • It Catches My Heart in Its Hands (1963)
  • Poems Written Before Jumping Out of an 8-story Window (1968)
  • The Days Run Away Like Wild Horses Over the Hills (1969, norsk omsetjing Dagene fyker av sted som ville hester over alle hauger frå 1980)
  • Burning in Water, Drowning in Flame: Selected Poems 1955–1973 (1974)
  • The Pleasures of the Damned: Selected Poems 1951–1993 (2007)

Novellesamlingar

Eit utval

  • Confessions of a Man Insane Enough to Live with Beasts (1965)
  • Notes of a Dirty Old Man (1969)
  • South of No North (1973, norsk omsetjing Sør og ingen nord frå 1983)
  • Tales of Ordinary Madness (1983)
  • The Most Beautiful Woman in Town (1983)

Romanar

  • Post Office (1971, norsk utgåve Postkontoret frå 1983, omsett av Olav Bakken Jensen)
  • Factotum (1975, norsk utgåve Faktotum frå 2008, omsett av Kyrre Andreassen)
  • Women (1978)
  • Ham on Rye (1982, norsk utgåve Nedenom og hjem frå 1993, omsett av Olav Angell)
  • Hollywood (1989)
  • Pulp (1994, norsk utgåve Pulp frå 2006, omsett av Sverre Knutsen)

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Litteratur

  • Gay Brewer, Charles Bukowski: Twayne’s United States Authors (1997)
  • David S. Calonne, Charles Bukowski: Sunlight Here I Am: Interviews and Encounters 1963–1993 (2003)
  • David Charlson, Charles Bukowski: Autobiographer, Gender Critic, Iconoclast (2005)
  • Neeli Cherkovski, Hank: The Life of Charles Bukowski (1991)
  • Neeli Cherkovski, Bukowski: A Life: The Centennial Edition (2020)
  • Hugh Fox, Charles Bukowski: A Critical and Bibliographical Study (1969)
  • Howard Sounes, Charles Bukowski: Locked in the Arms of a Crazy Life (1998)

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg