Faktaboks

Ola Bremnes

Ola Martin Bremnes

Fødd
18. april 1955, Svolvær i Vågan kommune, Nordland
Ola Bremnes

Ola Bremnes er musikar og forfattar.

Av /olabremnes.no.

Ola Bremnes er ein nordnorsk musikar, forfattar og trubadur. Han har gitt ut ei rekkje album og har mellom anna tolka og sett nye melodiar til tekstar av nordlandspresten Petter Dass.

Ola Bremnes vaks opp i Svolvær i Nordland. Han er utdanna lærar med tilleggsutdanning i engelsk, og arbeidde som lærar dei første ti åra, før musikken blei heiltidssyssel. Han er sonen til Ole H. Bremnes, broren til Kari Bremnes og Lars Bremnes, og faren til Inge Bremnes.

Den første plateinnspelinga, Folk i husan, kom i 1980. Teksten er skrive av faren Ole H. Bremnes. Saman med syskena Kari Bremnes og Lars Bremnes har han mellom anna gitt ut platene Ord fra en fjord (1992) og Soløye (2000). Bremnes er kjend for tolkingane sine av tekstar av Petter Dass, som han òg har sett ny musikk til. Oppsetjinga Vær hilset! kom som plate i 1995 og har vore framført på ei rekkje festivalar. Melodien «Mi pia. Din gutt», frå albumet Livstegn (2004), det første soloalbumet hans, sette historisk rekord på Norsktoppen, med 95 veker på rad. Visa «Har du fyr» har vorte allemannseige gjennom nyinnspelinga til den nordnorske gruppa Hekla stålstrenga. Han har skrive tekstar og melodiar til fleire av platene til Kari Bremnes, mellom anna «E du nord» på albumet Og så kom resten av livet (2012).

Han har tre andre store hits på Norsktoppen: «Grågåsa» (1992; saman med Lars og Kari), «Dudelidei» (2006) og «Kjære kvinne» (2006).

Bremnes har skrive fleire bøker. Nu vil vi legge ut (1983) og Jubel og sang (1997) inneheld salmar, songar og viser. Kirkemellom (2001) er ei vakker biletbok om nordnorske kyrkjebygg. I 2007 kom barneboka Trøbbel i trapesen. I På gyngende grunn. En reise med Hurtigruta (2019) skriv han om folk og stader som Hurtigruta reiser fordi. Han har òg medverka med tekstar til ei rekkje framsyningar.

Ola Bremnes fekk Spellemannprisen for Soløye, saman med Kari og Lars Bremnes, i 2000. Han har òg fått Blixprisen (1994), Nordlysprisen (2004) og Prøysenprisen (2009).

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg