Faktaboks

Reidar Brendeland
Fødd
19. juni 1951, Sauda, Rogaland
Reidar Brendeland (2019)
Reidar Brendeland (2019). Brendeland er primus motor i folkrockgruppa Vestlandsfanden, der han som den einaste har vore med heilt sidan starten i 1979.
Av /Vestlandsfanden.

Reidar Brendeland er ein norsk artist, komponist og tekstforfattar. Han er primus motor i folkrockgruppa Vestlandsfanden, der han som den einaste har vore med heilt sidan starten. Gruppa har hatt fleire store hitar, mellom anna Norsktoppen-listetopparen «Sauda» (1985).

Brendeland er fødd i Sauda. Etter ein karriere i ulike rockeband stod han i 1970-åra fram som visemusikar. Han song på dialekt og framførte tekstar av den nye generasjonen av sunnhordlandsforfattarar. Hausten 1979 starta Brendeland saman med fleire musikarar frå Haugesund gruppa Vestlandsfanden. Bandet har gitt ut ei rekkje album.

Musikkstilen til Brendeland og Vestlandsfanden er ei slags rocka utgåve av vestleg spelemanntradisjon, som inneber sterke innslag av akustiske instrument. Av andre norske grupper er Vømmøl Spellmannslag med Hans Rotmo blant dei som ligg nærast i sjanger. Brendeland er ein sceneglad artist, og han har vore med i fleire revygrupper.

Tidleg karriere

Brendeland byrja tidleg med musikk. I 1965 starta han det første bandet sitt, The Circle of the Cryptic Admonishment. Seinare kom Psycho og Meet, og ei tid spela han i dansebandet Bootjacks frå Husnes.

Omkring 1970 slo visebølgja for fullt inn over norsk musikkliv, og Brendeland tok til å skrive viser på norsk. Han var med i viseprogrammet «Visekvarten» i NRK, opptredde på Ulvenfestivalen og utvikla etter kvart sin eigen stil med gitar og munnspel. Han samarbeidde med forfattarar som sambygdingen Kjartan Fløgstad, Ingvar Moe, Ragnar Hovland, Gunnar Roalkvam, Rune Belsvik og Einar Økland. Saman med Atle Hansen drog han på turnear og opptredde på ulike vise- og jazzklubbar.

Suksessen med Vestlandsfanden

Reidar Brendeland & Vestlandsfanden (2019)

Reidar Brendeland & Vestlandsfanden (2019). På fotoet frå venstre: Andreas Berg, Reidar Brendeland, Thomas Dulsrud, Olaug Furusæter, Arne Martinussen og Kay Holen.

Instrument og inspirasjon

Med gruppa Vestlandsfanden fekk Brendeland si eiga musikalske plattform. Instrumenta dei brukte, var fele, akustiske gitarar, mandolin, mandola, bouzouki, munnspel og tverrfløyte. Bandet henta musikalsk inspirasjon både frå visebølgja og irsk, skotsk og nordisk folkemusikk. I 1982 kom det første albumet, Vestlandsfanden, med tekstar av mellom anna Fløgstad. Plata fekk gode kritikkar.

Låtar

Vestlandsfanden har hatt eit utal speleoppdrag land og strand rundt. Dei har opptredd ei rekkje gonger på fjernsyn, har vore mykje spela i radio og har vunne fleire topplasseringar på hitlista Norsktoppen. Nokre av tekstane inneheld samfunnskritikk, til dømes CD-singelen «Gardermobanen» (1998), som var ei protestvise mot utbygginga av storflyplassen og handsaminga av folket på Romerike.

Gruppemedlemer

Mange musikarar har spela i Vestlandsfanden, men berre Brendeland har vore med heile tida utan avbrot og har sikra kontinuiteten. Med det store nettverket sitt i det norske musikkmiljøet har han hjelpt fram fleire yngre, flinke musikarar. I 1987 var til dømes Bjørn Eidsvåg, sambygding frå Sauda, innom som gjestevokalist i Vestlandsfanden. Tidlegare medlemer i Vestlandsfanden er mellom anna Øystein Boge, Ivar Woxmyhr, Tor Lindberg, Øyvind Staveland (som starta Vamp) og Henrik Hilmersen. Dei siste åra har medlemene i Vestlandsfanden vore Andreas Berg, Thomas Dulsrud, Olaug Furusæter, Arne Martinussen og Kay Holen saman med Brendeland.

Tekstforfattar og revyartist

Parallelt med at Brendeland har drive Vestlandsfanden, har han arbeidd som tekstforfattar for ei rekkje andre artistar. Både Olav Stedje, 3 Busserulls, Hanne Krogh, Ivar Medaas og Wenche Myhre høyrer til blant dei som har framført tekstane hans. Brendeland var sjølv med i crazykomediegruppa 3 Busserulls frå 1985 til 1987, og dei gav ut fleire album i denne tida. Han skreiv deira mest kjende song, «Plukka plommer i Hardanger», frå 1981. Tidleg i 1990-åra var han med som gjesteartist hos Sauda revy- og teaterlag saman med Bjørn Eidsvåg.

Profesjonell musikkorganisator

I 1990 starta Brendeland firmaet Brød & Sirkus AS, som driv med management, artistformidling, turnétransport, radioreklame og utleige av lydutstyr. Han har òg engasjert seg i ulike bransjeorganisasjonar gjennom tillitsverv som sekretær i NOPA (Norsk forening for komponister og tekstforfattere) og i Tekstforfatterfondet.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg