Faktaboks

Rikard Berge
Fødd
7. november 1881, Rauland i Vinje, Telemark
Død
26. september 1969, Skien
Verke
Folkeminnesamlar
Familie

Foreldre: Gardbrukar Geirmund Hallvordsson (1857–1926) og Sigrid Rikardsdotter Berge (1854–1943).

Gift 1908 med målerinna Johanna Bugge (1.10.1874–26.11.1961), dotter av professor Elseus Sophus Bugge (1833–1907) og Karen Sophie Schreiner (1835–97).

Rikard Berge

.
Lisens: Avgrensa gjenbruk

Rikard Berge var ein folkeminnesamlar og -granskar. Berge var ein produktiv og original granskar og etterlét seg om lag 40 000 handskrivne A5-sider.

Berge var utdanna lærar, men i 1907 vart han folkeminnesamlar på heiltid. Frå 1916 til 1951 arbeidde han som konservator ved Fylkesmuseet for Telemark og Grenland.

Rikard Berges handskriftsamling vert i dag oppbevart på dette museet, og ho kan framleis nyttast, for Berge var flink til å skrive ned kven som hadde fortalt for han, og han hermer ofte ordrett etter forteljaren, med dialekt og personleg særpreg. Samlingane inneheld for det meste eventyr, segner og eldre viser, men han var ikkje redd for å skrive ned nyare tradisjon med lågare status, slikt som skrøner og skillingsviser.

Norsk sogukunst (1924), Norskt bondesylv (1925) og Vinje og Rauland I–IV (1940–1975) framstår som hovudverka hans. Forfattarskapen er omfattande, og han skriv i ein særeigen og lettbeint prosa, der han likevel drøftar emna nærgåande. Berge redigerte mellom anna tidsskriftet Norsk folkekultur (1915–1935), som var det einaste folkeminnetidsskriftet i denne perioden. Her står tradisjonssamlingar og avhandlingar trykte side om side.

Folkedikting og bygdedikting

Rikard Berge og Hæge Postmyr
Rikard Berge skriv ned balladar etter songaren Hæge Postmyr i Nissedal.
Av /Telemark Museum.
Lisens: CC BY ND 4.0
Margit Tveiten
På samlarferdene til Rikard Berge var ofte kona Johanna Bugge Berge med. Her er dei på trammen hos Margit Tveiten i Grungedal.
Av /Telemark Museum.
Lisens: CC BY ND 4.0

Forteljetradisjonen vert nytta i alt Berge skriv, men i Norsk sogukunst tek han særleg for seg segn- og eventyrforteljing. Her skildrar Berge møtet med ulike forteljarar, med prøver frå repertoaret deira. I avhandlinga Norsk eventyrstil (1915–1933), som gjekk i bolkar i Norsk folkekultur, skil han mellom personleg stil, som er prega av personlegdomen til forteljaren, og rytmisk stil, som er resultatet av ein eldre og ubrigda tradisjon.

Berge arva samlingane etter svigerfaren, Sophus Bugge. Difor hadde han eit stort tilfang av folkeviser og samarbeidde med Knut Liestøl om ei folkeviseutgåve, men det førte ikkje fram. Norsk visefugg (1904) er såleis den mest kjende av visesamlingane etter Berge. Boka er samansett av både folkeviser, bygdeviser, slåtterim og stev. I tillegg kom to reine stevsamlingar, Stev fraa Telemarki 1–2 (1908–1909). Elles gav han ut skriftserien Bygdedikting fraa Telemarki, der han presenterer nyare viser og etterrøkjer kven som kan ha dikta dei.

Folkemusikk

Spelemannstradisjonen vert levande omtalt i biografiane om Myllarguten og Haavard Gibøen. I Myllarguten (1908) kritiserer han mellom anna Ole Bull for det nasjonalromantiske synet han hadde på denne spelemannen. Berge er her både polemisk og stridslysten, samstundes som han får fram eit godt bilete av samtida til Myllaren. I boka Haavard Gibøen (1932) er Berge mest oppteken av sjølve spelet. I Norges musikkhistorie I (1921) skriv han om norske spelemenn og syner påverknaden på tvers av bygdelaga på Aust- og Vestlandet.

Det første dommarskjemaet til bruk i kappleikar skal ha vore utarbeidd av Berge. Han vart i ein periode nytta som dommar i slike kappleikar. Han skaffa seg fonograf kring 1908 og tok opp mykje tradisjon etter spelemenn og kvedarar. Det seiest at Berge skal ha vore ein god kvedar sjølv òg.

Folkekunst

Norskt bondesylv var lenge den store autoriteten om sølvarbeid. Berge gir her ei framstilling av arbeidsteknikkar og drakt- og stilhistorie, og sølvet sin plass i folketrua. Artiklar om rosemålarar, «Ketil Rygg» (1908), «Olav Hansson» (1914) og «Olav Torgjusson» (1934), syner fin sans for fargar og stil. Kjennskapen til rosemålinga tileigna han seg saman med målaren Øystein Vesaas frå Vinje. Dei samla mykje tilfang i lag, men det var Vesaas åleine som skreiv det store verket om rosemålinga i regionen, Rosemaaling i Telemark I–III (1954–1957).

Bygdehistorie

I bygdehistoria Vinje og Rauland I–IV (1940–1975) imponerer Berge med bruken av skriftlege og munnlege kjelder. Verket er systematisk gjennomarbeidd, samstundes som historia vert levande gjennom den munnlege tradisjonen. Vandrehistoriene, eller villsegnene som Berge kalla dei, er med i boka, for dei har vore viktige for folk og høyrer difor med i soga.

Innan museum arbeidde han mykje med den materielle bygdekulturen. Bygningar frå ulike stader i Telemark vart i friluftsmuseet i Skien organiserte etter dei ulike regionane i fylket. Folkelivet skulle elles synast fram på alle måtar; i kvardag og fest, i kunst og handverk, i skikk og sed og i tru og tanke.

Berge synte at skal ein få innsyn i bygdekulturen, lyt ein setje seg inn i det miljøet kulturen veks ut av. Dette er ein av grunnane til at han vart ein talsmann for desentraliserte museum og arkiv.

Rikard Berge var gift med kunstnaren Johanna Bugge Berge.

Les mer i Store norske leksikon

Litteratur

  • Brynjulf Alver: «Rikard Berge som eventyrgranskar», Telemark Historie 10. Telemark historielag 1989
  • Olav Bø: «Rikard Berge som tradisjonssamlar og granskar», Norveg nr. 15/1972
  • Velle Espeland: «Desentraliseringsstriden: Ein strid om kva folkeminnesamling og gransking skal tene til», Tradisjon nr. 4/1974
  • Tor Kjetil Gardåsen: «Litt om Rikard Berges handskriftsamling ved Fylkesmuseet for Telemark og Grenland». Årbok for Telemark 1988
  • Ronald Grambo: «Rikard Berge – tradisjonssamlaren og granskaren». Årbok for Telemark 1981
  • Reimund Kvideland: «Rikard Berge – samlaren og forskaren», Telemark Historie 9. Telemark historielag 1988
  • Reimund Kvideland: «Rikard Berges forfattarskap. Ein selektiv bibliografi», Telemark Historie 9. Telemark historielag 1988
  • Halvor Landsverk: «Rikard Berge som museumsmann», Telemark Historie 9. Telemark historielag 1988
  • Haakon Livland: «Museumspioneren Rikard Berge», Telemark Historie 9. Telemark historielag 1988
  • Magne Myhren: «Rikard Berge og livsverket hans», i Rikard Berge: Myllarguten. Haavard Gibøen, ved Olav Fjalestad. Oslo 1972
  • Magne Myhren: «Rikard Berge – folkekulturgranskar og måldyrkar», Telemark Historie 25. Telemark historielag 2004
  • Olav Solberg: «Litteratur- og kultursyn hos Rikard Berge», Telemark Historie 9. Telemark historielag 1988

Faktaboks

Rikard Berge
Historisk befolkingsregister-ID
pf01036540001119

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg