Hopp til innhold
X
Innhald

Bård Vegar Solhjell

Bård Vegar Solhjell. Foto: Håkon Mosvold Larsen/Scanpix.

Bård Vegar Solhjell. Foto: Håkon Mosvold Larsen/Scanpix.

Bård Vegar Solhjell fødd 1971 i Kristiansand, oppvaksen i Naustdal, busett i Son i Akershus. Statsråd og SV-politikar. Statsvitareksamen frå Universitetet i Oslo 2000. Nestleiar i Sosialistisk Ungdom 1992–1994. Førstekandidat for SV i Sogn og Fjordane ved stortingsvalet 1997. Medlem av sentralstyret frå 1999 og partisekretær i SV frå 2001.

Medlem av Kringkastingsrådet frå 2001. Utnemnd til statssekretær ved statsministeren sitt kontor i 2005. Vald til nestleiar i SV i 2007.

Kunnskapsstatsråd

Utnemnd til kunnskapsminister i regjeringa Stoltenberg 2 den 18. oktober 2007. Han vart dermed den tredje statsråden frå Sogn og Fjordane i Stoltenberg-regjeringa ved sida av samferdsleminister Liv Signe Navarsete (Sp) og fornyingsminister Heidi Grande Røys (SV). Fylket har aldri tidlegare hatt så mange statsrådar samstundes i noka regjering.

På Stortinget frå Akershus

I 2009 vart han vald inn på Stortinget frå Akershus, og han gjekk då ut av regjeringa. På Stortinget vart han vald til parlamentarisk leiar for gruppa til SV.

Miljøvernminister

Frå 2012 til 2013 var han miljøvernminister i regjeringa Stoltenberg.

I 2014 gav han ut boka «Sjakk – ei kjærleikshistorie» (Samlaget).

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 29.01.2021