Hopp til innhold
Claude Lillingston jr.
Claude Lillingston jr.
X
Innhald

Claude Lillingston jr.

Claude Lillingston jr. (1881–1961) frå Tysse var lege. 

Claude Lillingston jr. var son til den engelske pastoren Claude Lillingston som i 1880 kjøpte storgarden Tysse og slo seg til der med ektemake og ni born.

Claude jr. var frå 1920 medisinsk konsulent ved den internasjonale Raudekrossen sitt hovudkvarter.

Han fekk sjølv tuberkulose, og utvikla den såkalla «Lillingston-nåla» som vart nytta til «blåsing» av tuberkulose-smitta lunger. Lungeblåsing vart den vanlege behandlingsforma for tuberkulose før antibiotika vart teke i bruk.

Claude Lillingston jr. voks opp på Tysse. Foto: Arild Nybø, NRK.

Claude Lillingston jr. voks opp på Tysse. Foto: Arild Nybø, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 07.02.2020