Faktaboks

Edvard Befring
Fødd
11. mai 1936, Jølster (no Sunnfjord), Vestland
Verke
Pedagog
Familie

Foreldre: Buss-sjåfør Thor Befring (1905–87) og sjukepleiar Petra Åsta Gilleshammer (1904–96).

Gift 18.3.1961 med sjukepleiar Magnhild Sevre (7.10.1936–), dotter til gartnar Knut Sevre (1897–1978) og butikkeigar Marta Børsheim (1902–2002), ekteskapet oppløyst 1980.

Edvard Befring
Edvard Befring
Av /Oslo museum 𝒲.
Lisens: CC BY SA 3.0

Edvard Befring er ein norsk pedagog. Han er den første professoren i spesialpedagogikk i Noreg, og han har markert seg som forskar internasjonalt. Førebygging av problemåtferd og kravet om eit verdig liv for barn og unge er viktige mål i arbeidet hans.

Bakgrunn

Edvard Befring er fødd i Jølster i Sunnfjord. Han vart student ved Universitetet i Oslo i 1958, cand.mag. i matematikk og fysikk i 1961, og han tok magistergradseksamen i pedagogikk i 1965 med avhandlinga Frå tukt og barnehus til skoleheimsinstitusjonen. Eit oversyn over arbeidet for born og ungdom med åtferdsvanskar i vårt land fram til slutten av det 19. århundre, med særleg vekt på verksemda ved “Toftes gave”. Befring vart dr.philos. i 1971 med avhandlinga Ungdom i et bysamfunn. En spesialpedagogisk studie av Osloungdom.

Han starta karrieren som vitskapleg assistent ved Pedagogisk forskingsinstitutt ved Universitetet i Oslo, der han vart universitetslektor frå 1966 og to år seinare førsteamanuensis. I 1973 fekk Befring eit professorat i pedagogisk psykologi ved Aarhus Universitet. Frå 1976 vart han rektor ved Statens spesiallærarhøgskule og frå 1987 professor i spesialpedagogikk same staden. Då Statens spesiallærarhøgskule vart skipa om til Institutt for spesialpedagogikk ved Universitetet i Oslo i 1990, heldt Befring fram som professor der. Frå 2006 er han professor emeritus.

Befring har engasjert seg i ordskiftet om barn og unge sine kår og har skrive fleire bøker og artiklar i ulike tidsskrift. Han nyttar begge målformene. Befring er ein god pedagog og har vore gjesteførelesar fleire stader.

Han har hatt fleire verv. I perioden 1978–1984 var han medlem av Noregs allmennvitskaplege forskingsråd og frå 1994 til 2000 nestleiar i Norsk kulturråds styre for kultur og helse. Befring har vore leiar av fleire utval i Noregs offentlege utgreiingar (NOU) og har hatt oppgåver for UNESCO, UNICEF og Europarådet.

Befring fekk den islandske riddarkrossen i 1990 og Institutt for spesialpedagogikk sin formidlingspris i 1998. I 2005 vart han riddar av 1. klasse av St. Olavs Orden. I 2007 fekk han Jonasprisen frå Institutt for spesialpedagogikk for å ha fremja informasjon om funksjonshemma og funksjonsdiskriminerte.

Instituttbyggjar og fagarkitekt

Då han var tilsett ved Aarhus Universitet, arbeidde Befring mellom anna med eit prosjekt om ungdom i Reykjavik og rettleidde islandske psykologistudentar. Dette stimulerte til framveksten av eit spesialpedagogisk fagmiljø på Island.

I rektortida ved Spesiallærarhøgskulen, der han etter kvart vart den første norske professoren i spesialpedagogikk, oppretta han hovudfagstilbod, embetsstudium og doktorgradsstudium. Han arbeidde òg for etablering av nye studieeiningar om spesialpedagogiske tiltak for ulike grupper funksjonshemma. Ved Universitetet i Oslo har Befring gjort ein viktig innsats mellom anna med forskingsprogrammet «Oppvekst, problemåtferd og inkludering».

Samhandling og meistring

Befring har interessert seg for barnehage- og skulepedagogikk og er oppteken av lærarane og førskulelærarane si viktige rolle. Eit sentralt interessefelt i forskinga hans er førebygging av problemåtferd. Snarare enn å vere snevert individfokusert, legg han vekt på samhandlinga i det psyko-sosiale miljøet i analysen av relasjons- og meistringsproblem.

Mykje av forskinga til Befring tek utgangspunkt i norske forhold, men han har òg lagt vekt på arbeid med analyse av problem i eit internasjonalt perspektiv. Eit døme er eit samarbeidsprosjekt tidleg i 1990-åra om tospråkleg undervisning.

Kompetanseutvikling i barnevernet

I NOU 2004 kom undersøkinga av omsorgssvikt og overgrep i spesialskular og barneheimar i tidsrommet etter andre verdskrigen og fram til 1980. Her vart det avdekt graverande og uverdige forhold ved norsk barneomsorg, som i nokre tilfelle fekk rettslege etterspel. Befring er ein kritisk og uredd forskar, med evne til å tenkje konstruktivt. I NOU 2009 leverte utvalet hans utgreiinga om kompetanseutvikling i barnevernet.

I 2010 kom boka Sårbare unge – nye perspektiver og tilnærminger, der han var redaktør saman med Ivar Frønes og Mari-Anne Sørlie. Fleire forskarar frå ulike fagfelt har skrive artiklar om mellom anna traumeforsking, mobbing og stressforsking, og Befring sjølv er representert med ein artikkel om barnevernet i historisk perspektiv.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg