Faktaboks

Edvard Os

Edvard Samuel Os

Fødd
20. april 1885, Nordfjordeid
Død
9. januar 1970, Oslo
Verke
Offiser, målmann og lokalhistorikar
Familie

Foreldre: Garvar og bonde Lars Kristenson Os (1849–1934) og Ragnhild Olsdotter Kviane (1857–1931).

Gift 29.12.1910 med Ragna Sofie Nybø (23.5.1886–11.12.1973), dotter til kaptein Rasmus Nybø (1855–1925) og Olina Eiriksdotter Løken (1852–94).

Far til Øystein Os (1914–78).

Edvard Os
Edvard Os
Av /Nasjonalbiblioteket.

Edvard Os var ein norsk offiser, målmann og lokalhistorikar. Han skreiv òg skodespel og lokalhistoriske verk. I si tid var han svært sentral i målrørsla.

Os voks opp på garden Os ved Nordfjordeid, der ætta hadde sete frå 1660. Han tok examen artium i Kristiania i 1904. Deretter gjekk han på Krigsskulen og blei offiser i 1907, og frå 1911 til 1920 var han offiser ved Generalstaben.

Militær løpebane

I forsvaret steig han i gradane og blei oberstløytnant i 1934. Fra da og til 1940 var han sjef for Varanger Bataljon og var såleis forsvarssjef i Aust-Finnmark da krigen braut ut.

Os blei arrestert i 1943 og send til ein konsentrasjonsleir i Polen, da han saman med 1100 offiserar nekta å signere ei lojalitetserklæring til den tyske okkupasjonsmakta.

Målmannen

Os ser ut til å ha vore målmann all sin dag. Mellom 1913 og 1926 var han skrivar (generalsekretær) i både Noregs Mållag og Noregs Ungdomslag. Som nynorsking var han prinsippfast og kompromisslaus. I 1904 heldt han russetale på landsmål (nynorsk) i Kristiania. Det endte i slagsmål mellom landsmåls- og riksmålsruss, og politiet måte rykke ut for å stoppe slåsskampen.

Også som offiser markerte Os målstandpunktet sitt sterkt. I bladet Norsk Ungdom i 1927 utfordra han «generalane våre» med artikkelen «Måltvangen i forsvarsverket». Det førte til rettssak med dom på 28 dagar kakebu. Etter det han sjølv hevda, var han etter det persona non grata i forsvaret. Han førelas på Krigsskulen 1945–1946 om mål og målstrev i Noreg. Han laga ei militær ordliste nynorsk–bokmål og bokmål–nynorsk, som kom i fleire utgåver. Knytt til militæryrket var interessa Os hadde for fysisk fostring av ungdommen. Han gav mellom anna ut Kroppsøvingar i barne- og ungdomsskulen.

Som skrivar både i Noregs Mållag og i Noregs ungdomslag la Os ned eit stort og målretta arbeid, organisatorisk og administrativt. Han gav ut handbøker i lagsarbeid, var bladstyrar for medlemsblada Bodstikka 1913–1915 og Norsk Ungdom 1918–1927. Også som skrivar var Os kontroversiell og la seg ut med særleg Vestmennene i Bergen. I 1926 måtte han gå av som skrivar i mållaget og trekte seg like etter frå stillinga i Noregs Ungdomslag.

I tevling med utkastet frå Noregs Mållag laga Os eit privat framlegg til det som vart mållova av 1930, han verka inn på føresegnene av 1933 og skreiv om immunitet for lova i 1950. Han var konsulent for målbruk i statstenesta 1947–1951 og for Noregs Mållag 1956–1960. Han rettleidde om mål og målbruk på offentlege kontor i boka Tenestemålet, og handboka Norsk brevbok kom i fleire utgåver 1927–1958. Os var styrar for Noregs Boklag 1927–1931.

Han hadde i tillegg ei sterk kulturell og litterær interesse. Det var viktig for han at han gjennom denne interessa også fekk markert målstandpunktet sitt. Han omsette og skreiv skodespel og sat i styret for Det Norske Teatret mellom 1947 og 1951. I seinare år markerte han seg som lokalhistorikar og skreiv fleire lokalhistoriske verk: Eid og Hornindal, Selje og Vågsøy og Sandøy i Romsdal. Boka Stårheim og Stårheimsætta i mellomalderen går lenger attende.

I mangt og mykje representerte Os det som noko fordomsfullt er blitt sett på som den prototypiske vestmannen. Målstandpunktet hans var urokkelig; i tillegg var han Venstre-mann og faktisk den første leiaren i Kristiania unge Venstre.

Utgjevingar (utval)

  • Brudgomen. Skildringar fraa grensestridarne 1808 (under løyndenamnet Lars Busk), Stavanger, 1914
  • Norigs maallag 1906–1914, 1915
  • Handbok aat ungdomslag, Bergen, 1917 (2. utgåve Handbok i lagsarbeid for ungdomslag og mållag, 1922)
  • Den frilynde ungdomsrørsla. Norigs ungdomslag i 25 år (redigert sammen med Sven Moren), 1921
  • Eventyrlandet. Spelstykke i 3 vendingar (under løyndenamnet Lars Busk), 1921
  • Kroppsøvingar i barne- og ungdomsskulen, 1923
  • Måltvangen i forsvarsverket, i Norsk Ungdom nr. 1/1927
  • Norsk brevbok, 1927 (5. utgåve i 1958)
  • Amatørteatret, 1928 (2. utgåve i 1946)
  • Lov og fyresegner um målbruken i styringsverket. Ei utgreiding og eit framlegg, 1929
  • Liste over ord og nemninger i det militære fagmålet, 1941 (2. utgåve Militær ordliste, 1949)
  • På toppen. Spel i ei vending, 1949
  • Konge og mann. Fem sogespel, 1950
  • Eid og Hornindal, 1953 (faksimileutgåve 1989)
  • Tenestemålet. Rettleiing om mål og målbruk i dagleg teneste på offentlege kontor, 1956
  • Selje og Vågsøy. Bygdene og bygdesamfunnet, 1957
  • Kjømeisteren, 1960
  • Stårheim og Stårheimsætta i mellomalderen, 1960
  • Sandøy i Romsdal. Bygdesamfunnet, Molde, 1961
  • Eid idrettslag 1863–1963. Idrettsliv i Nordfjord i 100 år, Nordfjordeid, 1963
  • Skodje og Vatne sparebank 1864–1964, Skodje, 1964

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • «Evard Os» i Norsk allkunnebok, bd. 9.
  • O. Almenningen o.fl.: Målreising i 75 år, 1981
  • M. Bruheim: Mållova frå 1930, h.oppg. UiO, 1982
  • O. Almenningen: Målstrev og målvokster 1905–1913, 1984
  • K. Venås: For Noreg og Ivar Aasen, 1984
  • O. Grønvik: Målbruken i offentleg teneste i tida 1930–1940, 1985

Faktaboks

Edvard Os
Historisk befolkingsregister-ID
pf01036708035754

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg