Hopp til innhold
X
Innhald

Einar Førde

Einar Førde. Foto: Morten Holm, Scanpix.

Einar Førde. Foto: Morten Holm, Scanpix.

Einar Førde (1943–2004) frå Høyanger, busett i Oslo. Arbeidarparti-politikar og kringkastingssjef.

Ex. artium frå Eidsvoll landgymnas 1961, grunnfag i statsvitskap og støttefag i sos.økonomi frå UiO 1964. Formann i Det Norske Studentersamfunn haustsemesteret 1966. Mellomfagseksamen i historie 1967. Journalist i Arbeiderbladet 1965-1969. Formann i Den norske Hellaskomitéen 1970-1975. Formann i Oslo AOF 1973-1979.

Stortingsrepresentant for Oslo 1969-1989. Kyrkje- og utdanningsminister i regjeringa Nordli 1979-1981, og i regjeringa Brundtland 1981. Medlem av sentralstyret i Arbeidarpartiet 1965-1981, og nestformann i DNA 1981-1989. Parlamentarisk leiar 1986-1989. Kringkastingssjef 1989-2001. Har m.a. vore styreleiar i NTB.

Bidragsytar til fleire politiske debattbøker, og har gjeve ut ”Vi er alle sosialdemokratar” 1981, «Smeltedigelen Høyanger» i 1990 og «Mot gravalvorets diktatur» i 2001.

Førde var i ungdomen ein talentfull friidrettsmann, og vart norsk juniormeister på 1500 meter i 1963, og same året tok han sølv på same distanse i senior-NM. I 1964 vart han nordisk juniormeister på 1500 meter. Bror til Reidun Førde.

Einar Førde i tida han var kringkastingssjef. Her er han på besøk hjå NRK Sogn og Fjordane. Til høgre dåverande distriktssjef Magni Øvrebotten. Foto: NRK.

Einar Førde i tida han var kringkastingssjef. Her er han på besøk hjå NRK Sogn og Fjordane. Til høgre dåverande distriktssjef Magni Øvrebotten. Foto: NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 28.01.2021