Hopp til innhold
X
Innhald

Eirik Olson Bruhjell

Eirik Olson Bruhjell. Foto frå Målreisingssoga i Sogn og Fjordane.

Eirik Olson Bruhjell. Foto frå Målreisingssoga i Sogn og Fjordane.

Eirik Olson Bruhjell (fødd 1853) frå Balestrand. Prest og målreisingsmann. Sokneprest Harald Ulrik Sverdrup tok seg av den gåverike husmannssonen frå trettenårsalderen. Han fekk privatundervisning i prestegarden og gjekk lærarseminaret i Balestrand.

Seinare vart han også gift med dotter til Harald Ulrik Sverdrup. Arbeidde nokre år som lærar før han studerte til prest og vart cand. theol. i 1881. Lærar ved Sogndal folkehøgskule 1882-1885. Stiftskappelan i Tromsø 1885-1886, res. kap. i Kinn 1889 og seinare sokneprest i Stod i Trøndelag og prost i Fjære i Aust-Agder. Han arbeidde sterkt for jamstelling mellom nynorsk og bokmål i skule og styringsverk.

Kyrkjestatsråd Elias Blix gjekk inn for at Bruhjell skulle få statsstipend for å arbeide for nynorsken, men framlegget vart nedrøysta i Stortinget. I staden vart Bruhjell ei tid engasjert av Det Norske Samlaget som bokseljar og reisetalar for målsaka.

I 1886 var han ei tid bladstyrar for «Fedraheimen». Bruhjell omarbeidde og omsette eindel norske og engelske bøker til nynorsk.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 28.01.2021