Hopp til innhold
X
Innhald

Ingrid Bjørketun Heggø

Ingrid Bjørketun Heggø. Foto: Brit Jorunn Svanes, NRK.

Ingrid Bjørketun Heggø. Foto: Brit Jorunn Svanes, NRK.

Ingrid Bjørketun Heggø fødd 1961 i Balestrand, busett i Høyanger. Partisekretær og Arbeidarparti-politikar.

Eksamen frå BI 2001. Rådgjevar i bank 1983–2001. Fylkessekretær i Sogn og Fjordane Arbeidarparti frå 2001.

Medlem av Høyanger kommunestyre 1992–2004, derav åtte år som varaordførar. Har vore styremedlem i Høyanger Arbeidarparti i 20 år. Stortingsrepresentant frå 2005. Medlem av sentralstyret i Arbeidarpartiet frå 2007.

Heggø har elles hatt tillitsverv i idrettslag og andre lokale organisasjonar og er styreleiar i Bogentunnelen AS.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 29.01.2021