Faktaboks

Eva Jensen
Fødd
17. august 1955, Salangen, Troms
Død
27. april 2016
Eva Jensen
Eva Jensen
Av /Det norske Samlaget.
Lisens: Avgrensa gjenbruk

Eva Jensen var ein norsk forfattar og litteraturformidlar. Ho skreiv modernistiske bøker for barn, ungdom og vaksne i mange sjangrar.

Bakgrunn

Eva Jensen vart fødd i Harstad i Troms og oppvaksen i Salangen i same fylke. Ho vart utdanna adjunkt med grunnfag i norsk frå Universitetet i Bergen (1976), lærarskulen på Elverum (1977–1979), tok deleksamen i nordisk hovudfag frå Universitetet i Tromsø (1982) og tok forfattarstudiet i (1983).

Jensen var lærar ved Skrivekunstakademiet i Hordaland i 1990-åra, var litteraturmeldar i Dag og Tid og forlagskonsulent og litteraturformidlar for barn og unge som gjestelærar og foredragshaldar over heile landet. Jensen hadde verv i Norsk Forfattersentrum og Forfatterforeningens litterære råd i fleire år, var med i poesiredaksjonen i Kritikkjournalen og var redaktør for Skarven.

Forfattarskapen

Ho debuterte i 1984 med Dikt og tekstar. Seinare skreiv ho innanfor dei fleste sjangrar: romanar, dikt, noveller, essay og artiklar. Jensen var redaktør for antologien Poetisk modernisme (1995) og Forfattere i Nord-Norge (2003) og var omsetjar og gjendiktar. Ho var språkleg medviten, litteraturorienteringa hennar famna vidt, og språk og forteljarteknikk var like viktig som meiningsinnhaldet. Fleire av bøkene hennar var grensesprengjande, og ho var ein av dei første som markerte seg med ein modernistisk skrivemåte innanfor barnelitteraturen i Noreg.

Barne- og ungdomslitteratur

Barnebøkene hennar kan vere vanskelege å sjangerbestemme. Der er lite ytre spenning i tekstane, som gjerne er korttekstar med mykje innhald. Det lyriske ligg i forgrunnen, og ho eksperimenterte med sjangrane og hadde ei skarp formuleringsevne. Den første barneboka hennar, Slik er det her (1986), er ei samling korttekstar med humor og overskot, og vi ser historia gjennom auga til ei jente i Nord-Noreg i 1960-åra og følgjer henne i utforskinga av identitet.

Lesaren blir med i tankeverda til eit barn i Denne guten har brune kne (1987). Boka er vemodig og handlar om ein gut som står utanfor kameratflokken og strevar på skulen. I 1988 kom Eg, Kristin, som liknar tekstar i ei dagbok ved å vere ordknappe og episodiske. Interessert, eg (1991) skreiv ho saman med Arild Dahl. Boka er ein brevroman, ei brevveksling mellom to ungdomar, og ho er gitt ut på både nynorsk og bokmål.

Saman med illustratørane Gry Moursund og Inger Lise Belsvik har Jensen gitt ut eit biletbokprosjekt, ein trilogi om bokstavane, tala og fargane. I alfabetdikta Alle i Alta kan (2000)har kvar bokstav eit eige oppslag, dikt og bilete i ulike former, inspirert av Olav H. Hauge sin ABC. Teljeboka Tre høns på plenen og fire egg (2002)blei nominert til Kritikarprisen i 2003. Alt kan begynne med kvitt (2004) utforskar form og farge. Bøkene er utgitt i begge målformer. Tekstane i trilogien er leikne, og både barn og vaksne har utbytte av dei. Forteljarhaldninga er modernistisk, bøkene har ikkje byrjing eller slutt, og handlinga er ei samanstilling av ulike bitar.

Ungdomsboka Om drittsekkar på tre måtar (2008) er 16 noveller og korte tekstar om unge jenter som oppdagar at det går an å endre ting kring seg. I den illustrerte Skog, eller noko som har med skog å gjere (2009) er temaet å gå sine eigne vegar same kva andre seier. Jensen dyrka kortformatet, blandar sjangrar, leikte med ord og vendingar og utfordra formkonvensjonar. Ungdomsromanen Noen roper navnet mitt blei utgitt i 2012.

Litteratur for vaksne

Jensen ga òg ut mange skjønnlitterære bøker for vaksne. Den første var Dikt og tekstar (1984), som er ei samling av lyrikk og korte prosastykke. Punktromanen Teori nok for eit kort liv (1987) er skriven i tradisjonen frå Paal-Helge Haugen. Dette er ein av dei mest spennande utgivingane hennar, med eit metaperspektiv på romansjangeren. Tittelen har to botnar og viser til motsetnadene mellom teori og praksis og illusjon og røyndom.

I diktsamlinga Medan lyser endrar flatene (2008) er språket både presist og kryptisk, og emnet er isolasjon og einsemd. Hovudpersonane i vaksenbøkene hennar er kvinner, tekstane er korte, språkleg gjennomarbeidde og har rytme og klang. Dei språklege bileta er gjenkjennelege og konkrete, og tekstane har humor, ironi og eit presist språk.

Litteraturformidling og omsetjing

I essaysamlinga Djupt inne i sommaren og andre essay (2005) skreiv Jensen om litteraturformidling og forfattarar som Tove Jansson, Olav Duun og Cora Sandel, og ho lyfte fram forfattarar som har fått lite merksemd. Ho underviste både ved forfattarstudiet i Bø og Skrivekunstakademiet i Hordaland, heldt kurs for lærarar, sommarkurs i skriving og diktkurs for barn og unge.

Ho omsette den svenske bokserien om Moa og Samuel av Gull Åkerblom og Karin Södergren til nynorsk, eit drama for Det Norske Teatret og var involvert i gjendiktingsprosjekt i Nederland og Tyskland.

Utmerkingar

Jensen fekk Kulturdepartementet sin debutantpris i 1986, Blixprisen i 1995 og Samlagsprisen i 2005. Ho fekk òg Alfred Andersson-Ryssts fond i 1994 og Sigmund Skard-stipendet i 1995. For omsetjinga Små heimar. Dikt for barn og unge av Carl Sandburg (2013) mottok hun omsetjarprisen i Kulturdepartementets priser for barne- og ungdomslitteratur.

Bibliografi

  • Vidareutdanning i lys og skugge. Dikt og prosa (Samlaget, 2014)
  • Noen roper navnet mitt (barnebok, Aschehoug, 2012)
  • Skog, eller noko som har med skog å gjere (illustrert av Anja Dahle) (barnebok, Samlaget, 2009)
  • Mens lyset endrar flatene (lyrikk, Samlaget, 2008)
  • Om drittsekkar på tre måtar (noveller, Samlaget, 2008)
  • Djupt inne i sommaren og andre essay (Samlaget, 2005)
  • Alt kan begynne med kvitt (billedbok, Samlaget, 2004)
  • Gullkunde (roman, Samlaget 2003)
  • Tre høns på plenen og fire egg (med Gry Moursund, billedbok, Samlaget, 2002)
  • Alle i Alta kan (alfabetdikt for barn, Samlaget, 2000)
  • Poetisk modernisme (medredaktør) (gjendiktning, Samlaget, 1995)
  • 3 x Jensen (Samlaget, 1994)
  • Den rolege gule hunden med brillene (roman, Samlaget, 1994)
  • Interessert eg? (med Arild Dahl) (barnebok, Samlaget, 1991)
  • Ingen smertebutikk. Ein skeiv ballade (Samlaget, 1991)
  • Eg, Kristin (ungdomsbok, Samlaget, 1988)
  • Denne guten har brune kne (barnebok, Samlaget, 1987)
  • Teori nok for eit kort liv (roman, Samlaget, 1987)
  • Slik er det her (barnebok, Samlaget, 1986)
  • Dikt og tekstar (Samlaget, 1984)

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Litteratur

  • Tone Birkeland ofl.: Norsk barnelitteraturhistorie. Oslo 2005

Kommentarar (5)

skreiv Eva Jensen

Hei,jeg er svært glad for å ha funnet "nøkkelen" til å få forandret en feil i artikkelen om meg selv! Jeg er forfatteren Eva Jensen, og er IKKE grafikeren Eva Jensen, Bergen. Dere må få fjernet denne opplysninga om at jeg også er grafiker i artikkelen. På forhånd takk - trenger dere å ringe meg for å få bekreftet at dette er meg, kontakt Forfatterforeningen. Mvh Eva Jensen

skreiv Eva Jensen

Hei igjen,et tillegg: I oversikten over utgitte bøker mangler følgende titler: 3 x Jensen, 1994, Alt kan begynne med kvitt (dikt og tekster om farger og former for barn) 2004, Om drittsekkar på tre måtar, noveller for ungdom, 2008.Vennlig hilsen forfatteren

skreiv Anne Marit Godal

Hei Eva! Fint at du sa ifrå om feilen og orsak at det tok tid. No har eg retta det enklaste. Forfattarsentrum er fagansvarlege for artiklen, og ordnar opp i resten.

skreiv Magnus Kristiansen

Artikkelen gir inntrykk av at hun fortsatt er i live, dessverre døde hun i 2016. Burde ikke artikkelen nevne dette under der det står når hun er født?

svarte Guro Djupvik

Hei, Magnus.
Dette er en glipp, takk for at du gjør oss oppmerksomme på at artikkelen må oppdateres. Jeg har rettet opp nå.
Vennlig hilsen Guro Djupvik, redaktør

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg