Hopp til innhold
X
Innhald

Jarle Bondevik

Han har også førelese ved universitetet i Aarhus i to år.

Jarle Bondevik fødd 1934 i Sogndal, busett i Søreidgrend ved Bergen og døydde 4. april 2016 i Bergen. Bondevik var språkprofessor. Cand. philol. 1961 med hovudoppgåva ”Stadnamn i Sogndal”. Dr. philos. 1988. Lektor ved Bergen off. lærerskole 1963-1972 og deretter universitetslektor ved UiB. Professor II ved Høgskulen i Volda 1991-1999. Professor i nordisk språkvitskap ved UiB frå 1993.

Han har også førelese ved universitetet i Aarhus i to år.

Bondevik var medlem av Språkrådet 1988-1995, han var konsulent ved oversetjinga av Bibelen til nynorsk. Han har gjeve ut ei rad bøker om nynorsk språk, dialektar og folkeminne. Doktoravhandlinga (1992) galdt det nynorske bibelmålet. Seinare gav han ut ei populær oversikt over utviklinga av det nynorske bibelspråket: "Og ordet vart nynorsk" (2003).

Saman med professorane Oddvar Nes og Terje Aarset har han gjeve ut ti band med etterlatne skrifter av Ivar Aasen med innleiing og kommentarar. Han har òg publisert mange lokalhistoriske artiklar og gav i 2011 ut boka "Smed i Sogndalsfjøra" om oldefaren sin, Mikkel Larsson Stenehjem.

Saman med Andreas Bjørkum har han gjeve ut ”Dikting og diktarar frå Sogn”, og dei to var redaktørar for ”Bøkene åt Olav Sande”.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 28.01.2021