Hopp til innhold
X
Innhald

Jens Brekke

Jens Brekke. Foto: Hilde Zahl, NRK.

Jens Brekke. Foto: Hilde Zahl, NRK.

Jens Brekke fødd 1951 i Vik. Lærar og kulturarbeidar. Brekke har m.a. gjeve ut tre hefte av «Illustrert tyleskap», småhistorier, og «Vetlaboki», songhefte for barnehagar. Har vore fast kåsør i NRK Sogn og Fjordane i ei årrekkje.

Som medlem av musikkgruppa «Skjerpehaugen» har han vore med på to LP-plater, og turnert i Folkeakademia med viseprogram saman med Ottar Wiik og Ragnar Hove.

Forfattar av bøkene "Fangebrev" (Selja 2008) om Olav Skjerven frå Vik, som sat nesten to år i tysk krigsfangenskap og "Dei seie so...om sogningen, sunnfjordingen og nordfjordingen" (Selja 2010) med illustrasjonar av Arnstein Mygland.

Leiar av Sivle-laget sidan starten i 2002 (sjå Per Sivle). Brekke har stått bak nyutgjevingar av tekstar av Per Sivle, m.a. "Berre ein hund" (Selja 2004).

Tildelt Fylkesmålprisen 1998, Vik kommune sin kulturpris 1999 og Målrosprisen 2000.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 28.01.2021