Hopp til innhold
X
Innhald

Johannes Thingnes Bø

Johannes Thingnes Bø, verdsmeister i skiskyting.

Johannes Thingnes Bø er fødd i Stryn i 1993 og er skiskyttar. Han tok to gull i junior-NM i sommarskiskyting i 2009 og sølv på sprinten i junior-NM i skiskyting i 2010. Same året vart han nummer 10 på sprinten i senior-NM, den beste plasseringa nokon gong av ein 17-åring i senior-NM.

I 2011 tok han gull på sprinten og sølv på normaldistansen i ungdoms-OL i Tsjekkia. Same året vart han norsk juniormeister både på sprinten og på normaldistansen. Han vart og norsk juniormeister på 15 km langrenn i 2011.

I 2011 vart han nummer seks på 20-kilometeren og på sprinten i senior-NM.

galleri

Tre gull i junior-VM

I 2012 tok han sølv på normaldistansen og bronse på jaktstarten i junior-EM, og han gjekk på det norske laget som tok gull i mix-stafett. I junior-VM 2012 tok han tre gullmedaljar, på sprint, jaktstart og på stafetten.

I junior-NM på heimebane i Markane i 2012 tok han to individuelle gullmedaljar, og han var med på stafettlaget til Sogn og Fjordane som vann stafetten. I senior-NM i skiskyting 2012 vart han nummer fire på jaktstarten og nummer seks på sprinten. I 2012 tok han og to gullmedaljar i ungdomsklassen i junior-NM i langrenn, på 10 km friteknikk og på stafetten (saman med m.a. Håvard Gutubø Bogetveit frå Førde).

På landslaget som 18-åring

I 2012 vart han teken ut på seniorlandslaget i skiskyting. I junior-VM 2013 tok han sølv på sprinten og gull på jaktstarten og på stafetten. Same året var han med på laget til Sogn og Fjordane som tok gull i stafett i junior-NM i langrenn. I 2013 fekk han sin debut i verdscupen i skiskyting, det skjedde i Holmenkollen, der han vart nummer 28 på sprinten og nummer 25 på jaktstarten. Veka etter vart han nummer 20 på sprinten i renna i Sotsji i Russland, og saman med broren Tarjei sytte han for at halvparten av det norske stafettlaget som vart nummer fire kom frå Stryn.

I senior-NM på Dombås i 2013 tok Johannes Thingnes Bø sølvmedalje på sprinten og på jaktstarten, og han var med på laget til Sogn og Fjordane som tok gull på stafetten.

Første verdscupsigeren som 20-åring

I november 2013 fekk han si første topp ti-plassering i verdscupen då han vart nummer ni og beste nordmann på sprinten i Östersund. I desember 3013 gjekk han for første gong heilt til topps i eit verdscuprenn då han vann sprinten i Annecy-La Grand Bornand i Frankrike. Dagen etter vann han også jaktstarten. Nokre dagar seinare vart han teken ut på det norske laget til OL i Sotsji.

På idrettsgallaen i januar 2014 fekk han prisen for Årets gjennombrot i 2013.

To brør Bø på OL-stafetten

I OL var han saman med broren Tarjei med på det norske laget som vart nummer fire på stafetten. Vidare vart han nummer åtte på fellesstarten og nummer 11 på normaldistansen. På sprinten vart han nummer 55, på jaktstarten nummer 32.

I mars 2014 gjekk han til topps i tre verdscuprenn, to sprintrenn og ein jaktstart, i Kontiolahti i Finland. Han vart nummer tre samanlagt i verdscupen 2013/2014.

Første individuelle NM-gull

I NM på Voss i 2014 sikra han seg sin første individuelle gullmedalje på seniornivå då han vann normaldistansen. Han fylgde opp med å vinne jaktstarten, og han var med på laget frå Sogn og Fjordane som tok gull på stafetten.

I sesongen 2014/2015 tok han sin første verdscupsiger i Hochfilzen i desember, då han vann sprinten. Han fylgde opp med ein ny siger, på sprinten i Ruhpolding i januar. Der var han og med på det norske stafettlaget som gjekk til topps. Det same var tilfelle på stafetten i Anterselva helga etter. I mars 2015 tok han sin første VM-medalje i seniorsamanheng då han m.a. saman med broren Tarjei fekk bronse i mixed-stafetten i Kontiolahti i Finland. Han tok gull på sprinten i sin første individuelle start i eit senior-VM og fekk oppleve å stå på sigerspallen saman med broren Tarjei, som tok bronsemedalje. Han var og med på det norske laget som tok sølvmedalje i stafetten.

VM-gull på heimebane

Under VM i Holmenkollen i Oslo i mars 2016 tok Thingnes Bø gullmedalje på fellesstarten. Han var og saman med broren Tarjei med på laget som tok gull på stafetten og bronse på mixedstafetten. I tillegg vart han nummer fire både på sprint, jaktstart og 20 kilometer.

Bror til Tarjei Bø

Sjå video der Johannes Thingnes Bø vert verdsmeister i fellesstart, 15 km, i Holmenkollen 2016:

Johannes Thingnes Bø from Audhild Gregoriusdotter Rotevatn on Vimeo.


Johannes Thingnes Bø vart i 2012 tildelt Karolineprisen som blir delt ut til store talent på nasjonalt plan innan idrett og kulturliv.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 28.04.2021