Hopp til innhold
X
Innhald

Jonas Lund

Jonas Lund (1801–1871) frå Farsund, busett på Kjørnes i Sogndal. Prokurator (sakførar).

Mora hans var av tysk ætt, og hadde vore hoffdame hjå ei hertuginne. Ho kosta juristutdanninmg på Jonas Lund. I 1830 vart han underrettsprokurator i Nordre Bergenhus amt.

Fint folk på Kjørnes

I 1835 kjøpte han garden Kjørnes av Wollert Formann Kaas og starta advokatpraksis. Saman med sorenskrivar Cappelen i Fresvik og sakførar Fredrik Christian Juell rota han seg bort i bedrageri og misbruk av embetet, og vart dømd frå stillinga i 1851. Kjørnes vart selt på tvangsauksjon i 1864.

Lund budde ei tid i ei stove ved Hagagrovi før han seinare flytta til Bergen. Stova vart flytta med, og murane etter stova ved Hagagrovi vert framleis kalla ”Lund-muradn”.

Far til Hartvig Kaas Munthe Lund og Bolette C. Pavels Larsen.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 26.09.2019