Faktaboks

Ragnhild Lied
Fødd
26. april 1959, Volda, Møre og Romsdal
Ragnhild Lied.
Ragnhild Lied.
Av /NTB.

Ragnhild Lied er lektor, tidlegare leiar av Utdanningsforbundet og frå 2016 har ho vore leiar i Unio, som er den nest største hovudorganisasjonen i Noreg.

Bakgrunn

Ragnhild Lied er fødd i Volda i Møre og Romsdal. Ho gjekk på Volda gymnas i 1975–1978 og har hovudfag i idrett frå Noregs idrettshøgskole i 1990, med ei oppgåve om arbeidssituasjonen for kroppsøvingslærarar i vidaregåande skule. I tillegg har ho mellomfag i friluftsliv og grunnfag i matematikk. Ho underviste i idrettsfag og realfag ved Stranda vidaregåande skule fram til 2002.

Fagforeiningsarbeidet

Lied har vore tillitsvald på heiltid sidan 2002, først i Utdanningsforbundet, der ho var nestleiar i 2010–2012 og deretter leiar i 2013–2015. Frå 2016 er ho leiar i Unio, som er ein hovudorganisasjon for universitets- og høgskuleutdanna.

Unio er den nest største hovudorganisasjonen i Noreg, med 14 medlemsforbund og om lag 400 000 medlemer, mellom anna lærarar, politi, prestar, sjukepleiarar og forskarar. Brorparten av medlemene arbeider i det offentlege og i servicesektoren.

I 2001–2003 var Lied medlem av Søgnenutvalet, som førebudde «Kunnskapslyftet» i det norske skulesystemet. Ho er òg medlem av Samarbeidsrådet for yrkesopplæring, var styremedlem i Ungt Entreprenørskap og ETUCE (som representerer europeiske lærarforbund) i 2010–2012, og ho er medlem av styringsgruppa for Kunnskap i skolen (KiS) ved Universitetet i Oslo.

Utgjevingar

Ragnhild Lied er medforfattar av Gymnos (2003), som er ei lærebok i kroppsøving i vidaregåande skule.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg