Faktaboks

Sigurd Lavard

av engelsk hlaford, lord

Sigurd Sverresson

Fødd
1175, Færøyane
Død
1200
Levetidskommentar
omtrentleg fødselsår
Verke
Kongsson og birkebeinarhøvding
Familie

Foreldre: Kong Sverre Sigurdsson (ca. 1150–1202), mora ukjend.

Truleg ikkje gift.

Far til kong Guttorm Sigurdsson (1200–1204); halvbror til kong Håkon 3. Sverresson (død 1204) og Kristin Sverresdotter (død 1213).

Runepinne med beskjed
Under utgravingane på Bryggen i Bergen i 1955 vart det i fyllmassane etter bybrannen i 1198 funne eit runebrev, skrive av Sigurd Lavard. Det er to pinnar med runer på alle fire sider. Ei tolking av runene kan vere (omsett til moderne norsk av Aslak Liestøl): «Sigurd Lavard sender Guds og si helsing. Skeida di vil kongen gjerne ha. Til våpenutstyr på ... spjut av det atten alnars jern som eg sende deg med Johan Øre. No er det mi bøn å be deg at du vil vera lettbeden for meg i denne sak. Og om du no gjer etter min vilje, då skal du til gjengjeld ha vårt sanne venskap no og alltid.»
Av /Universitetsmuseet i Bergen, Arkeologibasen.
Lisens: CC BY SA 4.0

Sigurd Lavard var ein norsk birkebeinarhøvding og eldste son til kong Sverre Sigurdsson. Frå tidleg i 1190-åra hadde Sigurd oppgåver som sveithøvding i kamp mot baglane. Ifølge Sverres saga var han redd og unnfallande i strid, og kong Sverre er ved to høve uvanleg skarp og nedsetjande i si vurdering av sonens stridsevner.

Sigurd Lavard var far til Guttorm Sigurdsson, som birkebeinane tok til konge i 1204 etter Håkon Sverresson, men som døydde same år.

Bakgrunn

Sigurd Lavard vart fødd på Færøyane, der faren Sverre vaks opp. Saxo opplyser at Sigurd opphavleg bar namnet Unas etter sin antatte farfar, og at han seinare fekk namn etter kong Sigurd Haraldsson Munn, som Sverre da hevda var sin rette far. Etter ein færøysk tradisjon reknar historikaren P. A. Munch med at Astrid Roesdotter var Sigurds mor, men dette er usikkert.

Sverres saga er hovudkjelde til Sigurd Lavards knappe livshistorie. Han er første gong nemnd under kampane i Nidaros i november 1181, da kong Magnus Erlingsson tok byen. Her vert det fortalt at Sigurds fosterfar, stallaren Gudlaug Vale, nekta å oppgi kvar guten var i forvaring, ei nekting som kosta Gudlaug livet. Av dette er det rimeleg å slutte at Sigurd kom saman med faren frå Færøyane i 1176. Han blir her berre nemnd med tilnamnet lávarðr (etter angelsaksisk hlâford), som etter samanhengen best kan omsetjast med tronarving eller kronprins.

Birkebeinarhøvding

I 1193 var Sigurd sveithøvding for birkebeinane i Sarpsborg. Under kampar i Ranrike i 1196 flykta han og vart nærast skjelt ut av faren for åtferda si. I enda skarpare form gjentok dette seg under bondeslaget i Oslo i 1200, der kong Sverre jamvel siterte skaldekvad for å understreke sonens manglande djervskap. Ei skam for sine ættfolk var den sluttattesten han fekk, og dette synet formidla Munch vidare i norsk historieskriving. Sigurd Lavard døydde i 1200. Sonen Guttorm, som han hadde med ei frille, var da berre nokre få månader gammal.

Runebrev

Under utgravingane på Bryggen i Bergen vart det i fyllmassane etter bybrannen i 1198 funne eit runebrev (runekjevle, registreringsnr. B448), skrive av Sigurd Lavard. Brevet er skrive på vegner av kongen og kan tyde på at Sigurd hadde viktige oppgåver i kong Sverres militære forsyningsapparat. I brevet ber han om at våpenutstyr blir smidd av ei tilsend mengd råjern. Truleg ber han også om eit langskip til kongen, men dette er omdiskutert. Som motyting lovar Sigurd mottakaren «vårt sanne vennskap no og alltid».

Ifølge runeforskaren Aslak Liestøl har runebrevet ein elegant stil med høvisk ordlegging og sikker ortografi, som vitnar om god bokleg opplæring. Brevet høver naturleg inn i dei kampfylte 1190-åra (sjå borgarkrigstida), men forsøk på å kople det til ei bestemt historisk hending og til ein bestemt namngitt mottakar er rein gissing.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Bjørgo, Narve: biografi i Norsk biografisk leksikon, andre utgåve (NBL2)
  • Islandske Annaler
  • Koht, Halvdan: biografi i Norsk biografisk leksikon, første utgåve (NBL1), bind 13, 1958
  • Liestøl, Aslak: «Runer frå Bryggen. Etterskrift», i Viking, bind 27, 1963
  • Liestøl, Aslak: Runer frå Bryggen, Det midlertidige bryggemuseum, 1964
  • Liestøl, Aslak: «Correspondence in Runes», i Medieval Scandinavia, bind 1, 1968
  • Lind, Erik Henrik: Norsk-isländska personbinamn från medeltiden, Uppsala 1920–1921
  • Munch, Peter Andreas: Det norske folks historie, del 3, 1857
  • Regesta Norvegica, bind 1 nr. 277
  • Saxonis Gesta Danorum, utgitt av J. Olrik og H. Ræder, bind 2, 1957
  • Sverris saga, utgitt av Gustav Indrebø, 1920

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg