Faktaboks

Sven Moren
Fødd
28. oktober 1871, Trysil
Død
14. desember 1938, Trysil
Verke
Forfattar
Familie

Foreldre: Bonde John Svensen Moren (1845–1923) og Hanna Halvorsdatter Buflod (1848–1933).

Gift 2.1.1907 med Gudrid Breie (21.3.1880–23.8.1963), dotter til bonde Tollef Larsen Skattebøl (seinare Breie) (1841–1914) og Kristi Evjen Noss (1847–1937).

Far til Halldis Moren Vesaas (1907–95) og Sigmund Moren (1913–96).

Sven Moren

Sven Moren var ein norsk bonde, norskdomsmann, ungdomsleiar og forfattar, ein fin heimstaddiktar og folkelivs- og naturskildrar. Den avgjerande suksessen sin vann Moren med forteljinga Storskogen (1904), der han står fram som skogskildraren framfor nokon i den norske litteraturen i tida. Slektssagaen Storskogen vart ført vidare i Garden og bygda (1924), Grøndalskongen (1925) og Vegaskile (1926).

Moren var formann i Noregs Ungdomslag i 1899–1901 og i 1915–1919, formann i Norsk Bokmannslag i 1913–1917, medlem av Forfatterforeningens litterære råd i 1915–1928. Moren fekk kunstnarlønn frå 1936.

Bakgrunn

Moren var født på garden Mora i Trysil, og budde der storparten av livet. I 1889 kom han til den ungdoms- og mellomskolen som Eivind Torp hadde reist på Elverum. Her fekk han lærarar som Olav Andreas Eftestøl, Olav Schulstad og Lars Eskeland. Sven Moren skreiv mykje mens han gjekk på skolen, dikt og artiklar, og fekk ros frå lærarane sine. Han vart også oppmuntra til å bruke nynorsk, sjølv om han opphavleg hadde lært bokmål. Han gjekk på Torp-skolen også vinteren 1891–1892. Frå 1892 vart skolen ein privat lærarskole, og Moren heldt fram her til 1894, men utan å ta eksamen. Vinteren etter var han vikar for ein av lærarane på skolen. Etterpå vikarierte han ein vinter i folkeskolen i Sør-Fron, men reiste så heim att til garden og vart bonde. Skoleåra på Elverum vart avgjerande for Morens seinare livssyn og livsverk.

Diktardebut

I 1895 gav Moren ut den første diktsamlinga si, Vers, og fekk hjelp av skogeigaren Helge Væringsaasen til dette. I desse dikta, dei fleste skrivne på bokmål, møtest nyromantikk og dekadanse med heimlege tonar. Men han har også ein bolk «Norske dikt» skrivne på nynorsk. Alt to år seinare kom neste samling, Hildring, også nå med hjelp frå Væringsaasen. Denne gongen var alle dikta på nynorsk, men vart heller lunkent mottekne. Det skulle gå 25 år før han på ny gav ut ei diktsamling.

Målsak

Etter at Moren kom heim att, engasjerte han seg sterkt i den frilynte ungdomsrørsla. I 1895 vart Trysil ungdomsforening stifta, og på få år vart det mange ungdomslag berre i Trysil. I 1897 fekk Moren stifta Trysil ungdomsforbund, som seinare fekk namnet Trysalir, der han var formann i 11 år. I 1899 vart han formann i Noregs ungdomslag, og dei neste åra brukte han mykje tid på å reise rundt i ungdomslaga og halde foredrag. Den viktigaste saka var målsaka, «norskt maal i Norig», og i 1899 vart Austmannalaget stifta på Elverum med Moren som ein av initiativtakarane.

Folkelivsskildrar og heimstaddiktar

Utover i 1890-åra utvikla Moren seg som folkelivsskildrar og heimstaddiktar, den første i Trysil. Etter tidlegare forsøk gav han i 1898 ut forteljinga Paa villstraa, ei lyrisk skildring av lagnaden til ein bondegut med kunstnargivnad og utferdstrong, men med eit tvidrag i hugen som skaper konflikt. Dette er eit motiv Moren fleire gonger vender attende til og som har rot i hans eigen lagnad og eigne personlege opplevingar.

Mest vart boka Storskogen frå 1904 lagt merke til, der skildringa er mykje meir bunden til miljøet i heimbygda enn før. Boka fortel om oppløysinga i det norske bondesamfunnet som vart skapt ved at bonden vart riven ut av gamle livsvanar av den nye kapitalistiske tidsalderen. Dei same motiva finst også i den neste boka, Svartelva.

I 1909 fekk Moren eit reisestipend og var i København, der han vart kjend med dansk litteratur, og i Tyskland. Året etter reiste han saman med kona til Frankrike, Italia og Tyskland, og vart kjend med fleire av dei norske kunstnarane som budde i utlandet. Om hausten same året gav han ut ei samling skildringar frå skogane, Aust or markom, om jaktliv, arbeidsliv og folkeliv i skogsbygda, og ei barnebok, Den store tømmerdrifta. Ei anna barnebok kom også seinare. Det er eigne barneminne Moren dreg fram i desse bøkene.

Norsk bokmannslag

Moren hadde nå vunne seg eit namn som forfattar, og da Norsk Bokmannslag vart stifta i 1910, vart han skrivar der, og i åra 1913–1916 var han formann. Etter ein strid mellom Norsk bokmannslag og Den norske forfatterforening nemnde regjeringa ut tre menn frå Norsk bokmannslag til å vere med i Det litterære råd i Forfatterforeninga. Mellom dei var Moren, og han sat her frå 1915 til 1928.

Romanar om krisetida i skogbygdene

I dei seinare romanane er det motsetningane mellom skogsarbeidarane på den eine sida og bønder og skogeigarar på den andre som blir skildra. Dette temaet finst i Garden og bygda, Grøndalskongen og Vegaskile. Også i tre av dei siste bøkene til Moren er det krisetida i skogbygdene som er bakgrunnen, med konfliktar og arbeidsstridar i skogbruket. Romanen Styrkeprøve er rekna som den beste av desse tre, der forteljaren er ein velviljug og tolerant mann, som kjem arbeidarane i møte langt på veg. I Riket er ditt var konflikten komen så tett innpå Moren at han ikkje greidde å halde seg sakleg til temaet. I den siste, Skuldmennene frå 1934, prøver han meir å stille seg mellom dei to partane og sjå uretten på begge sidene. Boka Møte og minne er ei fin samling portrett av vener og kjente.

Barnebøker, dikt og minne

Moren gav også ut barnebøker, mellom anna Den store tømmerdrifta (1909). Ein del lyriske dikt samla han i Fela (1922) og Steg på vegen; gamle og nye vers (1931). Kort etter hans død kom Møte og minne (1938).

Bygdemuseum og bygdebok

Elles gjorde Moren opptaket til eit bygdemuseum for Trysil, og saman med andre gjekk han i gang med ei bygdebok. Han var ein ivrig talsmann for å få jernbane til bygda, og han sat i heradsstyret ei tid, likeins i skolestyret.

Diktarløn

Norsk bokmannslag tok i 1930 initiativ til at han skulle få diktarløna som var ledig etter Olav Aukrust. Moren fekk diktarløn frå 1936, men døydde alt hausten 1938.

Familie

Moren var far til forfattarane Halldis Moren Vesaas og Sigmund Moren.

Portrett

  • Minnesmerke av Trygve Dammen, 1951; Trysil
  • Fleire foto i Haraldseid,1946

Utgivingar

  • Vers, dikt, 1895
  • Hildring, dikt, 1897
  • Sogor, 1897
  • Paa villstraa, 1898
  • Arven, 1902
  • Storskogen, 1904
  • Svartelva, 1907
  • Aust or markom, 1909
  • Den store tømmerdrifta, barnebok, 1909
  • Raudsjøen, 1913
  • Dei morlause gutane i Skardfjellet, barnebok, 1915
  • Vaarflaumen, skuespill, 1915
  • Vårregn, 1918
  • Den gamle skogen, 1920
  • Fela, dikt, 1922
  • Garden og bygda, 1924
  • Grøndalskongen, 1925
  • Vegaskile, 1926
  • Storvinter og trollskap, 1928
  • Styrkeprøve, 1929
  • Steg på vegen, dikt, 1931
  • Riket er ditt, 1932
  • Skuldmennene, 1934
  • Gardguten og spelemannen, 1936
  • Møte og minne, 1938

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • S. Haraldseid: Gardguten og spelemannen. Sven Morens liv og dikting, 1946
  • H. M. Vesaas: Sven Moren og heimen hans, 1951
  • O. Midttun: biografi i Norsk biografisk leksikon, første utgåve (NBL1), bind. 9, 1940
  • A. Engen: biografi i Norsk biografisk leksikon, andre utgåve (NBL2)

Faktaboks

Sven Moren
Historisk befolkingsregister-ID
pf01036412006109

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg