Faktaboks

Torkell Mauland
Fødd
3. januar 1848, Time, Rogaland
Død
31. mars 1923, Asker

Torkell Mauland var lærar, lokalhistorikar og folkeminnegranskar. Han skreiv om hekseprosessar, prestar og lensmenn i Rogaland.

Bakgrunn

Mauland og Garborg
Torkell Mauland saman med Arne Garborg, 1909.
Av /Norsk Allkunnebok.

Torkell Mauland var fødd i Time i Rogaland og døydde i Asker i Akershus. Han var odelsgut, men valde lærarvegen. Knapt konfirmert gjekk han lærarlærlingskule hos klokkar Velle Vellesen i Time og vart 15 år gamal lærar i bygda ved den udelte omgangsskulen i tre år. Arne Garborg var ein av elevane hans, og Mauland vart seinare ein trufast brevven til Garborg.

Folkeminne, historie og landsmål

Mauland gjekk Holt seminar i 1867–1869, møtte Hans Ross og fekk eit klarare syn på kor viktig den nasjonale reisinga var. Han lærte seg gamalnorsk for å få eit historisk perspektiv på det norske språket og skreiv i 1871–1873 artiklar på landsmål i Garborgs Lærerstandens Avis. Frå 1869 var han lærar i Høyland og i 1872–1875 i Stavanger.

I 1875–1891 var han rektor ved den ambulerande amtsskulen i Ryfylke, der han hadde Rasmus Løland som elev og gav han dei to–tre timane med opplæring i landsmål. Dette var den einaste landsmålsundervisninga Løland fekk i livet. Mauland underviste så eitt år i norsk på Klæbu seminar, var lærar og klokkar i Aure i 1892–1997 og i 1898–1913 lærar i folkeskulen i Kristiania, det meste av tida på Lilleborg skole. I 1903–1916 var han òg kyrkjesongar ved dei nynorske gudstenestene i Kristiania.

I 1912 flytta han til Sætre i Heggedal i Asker, til eit gardsbruk han hadde kjøpt. Han sa opp lærarstillinga og konsentrerte seg no om bygdehistorie. Frå 1914 fekk han statsstipend. Han arbeidde i Riksarkivet med materiale frå Rogaland, og i 1916 gav han ut Trolldom, ei bok om hekseprosessar i Rogaland. I 1917 kom Prestarne paa Lye, og posthumt i 1925 Or soga um Jelsa-prestarna. Posthumt kom òg Lensmenner i Rogaland (1924–1926) og dei tre banda Folkeminne fraa Rogaland (1928–1935).

Andre verv og utmerkingar

Mauland var vararepresentant til Stortinget for Venstre i 1886–1888. Han sat i styret for Det Norske Samlaget i 1906–1916. For Samlaget omsette han Nyskogborni av Frederick Marryat og Ivanhoe av Walter Scott, gjekk igjennom innsende manuskript og hjelpte Alexander Seippel med språket i bibelomsetjingane hans. «Eg hev lært meir av det enn av heile mi skulegonga», skreiv han om samarbeidet med Seippel. Han omsette òg skulebøker frå dansk-norsk til landsmål.

I 1918 vart han utnemnd som heiderslagsmann i Samlaget. I 1948 avduka Rogaland Historielag ei byste av Mauland på Bryne i Time. Bysta er forma av bilethoggaren Erik Haugland.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Bjarte Birkeland ofl. (red.): Det Norske Samlaget 1868–1968. Oslo 1968
  • Johs. A. Dale og Rolv Thesen: Arne Garborg. Mogning og manndom. Brev, 1 og 2. Oslo 1954
  • Ernst Berge Drange: Rasmus Løland. Barnebokpioneren frå Ryfylke. Oslo 2007
  • Arne Garborg: Skrifter i samling, bd. 9: Reiseskildringar. Kolbotnbrev. Knudaheibrev. Oslo 2001
  • Arne Garborg: «Torkell Mauland. Minne», Syn og Segn 1923
  • Målfrid Grimstvedt: «Eit granskarliv: Torkell Mauland», Sjå Jæren. Årbok for Jærmuseet 1998

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg