Hopp til innhold
X
Innhald

Mons Litleré

Mons Litleré som 17-åring. Foto frå Målreisingssoga i Sogn og Fjordane.

Mons Litleré som 17-åring. Foto frå Målreisingssoga i Sogn og Fjordane.

Mons Litlerè (1867-1895) frå Naustdal. Frå Voss kom Torbjørn Litlerè og kona og starta landhandel i Naustdal i 1872. I svært ung alder vart sonen, Mons Litlerè ein av dei fremste målreisingsfolka for nynorsk på Vestlandet – bokhandlar og redaktør.

Gjekk Amtsskulen på Apalset i Gloppen og seinare Sogndal folkehøgskule. Reiste som omreisande bokseljar med nynorske bøker, før han i 1886 starta «Norskmålets bokhandel» i Naustdal.

Kjende bøker på nynorsk

Han fekk lov av både Bjørnstjerne Bjørnson, Jonas Lie og Alexander Kielland til å skrive om kjende forteljingar av dei til nynorsk, og gav dei ut i to bøker. Den første var på 48 sider og kosta 60 øre, og vart fort utseld. Seinare gav han ut «Smaastubbar» med forteljingar av m.a. lokale forfattarar.

Avisredaktør

Norskdomsmannen Litlerè var engasjert i det frivillige skyttarvesen, og var den første formannen i skyttarlaget i Instedalen då det vart skipa på 1880-talet (sjå Skyttarlaget Einar Tambarskjelvar).

I 1887 flytta Mons Litlerè til Bergen, der han i tillegg til forlaget også vart eigar og redaktør i «Firda og Sygnafylkets Avis» – namnet vart seinare forkorta til «Firda» (ikkje forveksle med Firda i Førde). Bladet kom ut to gonger i veka.

Norskmålets bokhandel i Naustdal. Foto frå Målreisingssoga i Sogn og Fjordane.

Norskmålets bokhandel i Naustdal. Foto frå Målreisingssoga i Sogn og Fjordane.

Ga ut 100 bøker

På forlaget gav han ut ialt 100 bøker frå 1887 til han døydde 1895. Mellom forfattarane på forlaget til Mons Litlerè var Arne Garborg (m.a. Kolbotnbrev), Olav Sande i Høyanger, Jens Tvedt, Anders Hovden, Rasmus Løland, Hans Seland, Per Sivle, Anders Vassbotn og Rasmus Steinsvik. Bøkene fekk han selt gjennom og omreisande bokseljarar og ungdomslaga. Etter initiativ frå Litlerè vart forlaget «Boklaget» skipa i 1889 med m.a. Arne Garborg og Litlerè i styret.

Mons Litlerè døydde av magekreft på eit sjukehus i Tyskland i 1895, berre 28 år gamal. Vestmannalaget har reist minnestøtte på grava hans i Bergen.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 29.01.2021