Hopp til innhold
X
Innhald

Nils Olsson Reppen

Nils O. Reppen.

Nils O. Reppen.

Nils O. Reppen frå tida i USA, kledd i ulveskinnspels. © Fylkesarkivet.

Nils O. Reppen frå tida i USA, kledd i ulveskinnspels. © Fylkesarkivet.

Nils O. Reppen starta i 1880 eit sagbruk og ein rivefabrikk på garden sin på Reppen i Sogndalsdalen. Han reklamerte med at rivene var ”oljekokte”. Fabrikken, der det også vart snikra kassar, brann ned i 1911, men Reppen bygde opp att saga. Saga vart driven av eit stort overvasshjul, og i sesongen på sommartid var opptil fire mann sysselsette med saging.

Nils O. Reppen er elles kjend som fotograf i Sogndalsfjøra, der han starta fotoatelier kring 1890. Sonen Olav N. Reppen (1886-1921) tok over forretninga og dreiv den truleg til han døydde. Deretter tok Olav Talle over forretninga og dreiv den til 1952.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 04.02.2021