Faktaboks

Sigrun Okkenhaug

Fødd Sigrun Vestrum

Fødd
10. september 1889, Levanger
Død
30. august 1939, Levanger
Sigrun Okkenhaug
Sigrun Okkenhaug i heimen
Av .

Sigrun Okkenhaug var forfattar og bondekvinne med lokalpolitisk engasjement. Ho var ei av dei første som skreiv kvinne- og barnelitteratur på nynorsk.

Bakgrunn

Etter å ha gått på Sund folkehøgskule gifta ho seg 18 år gamal med Fredrik Okkenhaug frå Frol, nær Levanger. Trass i ein krevjande kvardag, elleve fødslar og sorg over eit barn som døydde, fekk Okkenhaug tid til sosialt arbeid utanfor heimen.

Ho var leiar av Kvinnerådet i Levanger 1935–1936 og leiar av Frol sanitetsforening 1937–1939. I Frol stifta ho husmorlag, sat i skulestyret og var med i mållaget Andvake, i ungdomslag, i fattigkommisjonen og var lokalpolitikar for Venstre.

Okkenhaug var dottar av lokalhistorikaren Arne Vestrum, og mor til komponisten Paul Okkenhaug.

Forfattarskapen

Okkenhaug debuterte tretti år gamal med barneboka Vesle Gunnar og dei andre i 1919. Ho skreiv i alt tretten bøker for barn og vaksne. Okkenhaug nytta ulike sjangrar: romanar, noveller og skodespel, og dessutan dikt og artiklar. Ho fekk publisert fleire av arbeida sine i mellom anna For Bygd og By, Nidaros, Norsk Barneblad og Magne. Då ho var i ferd med å etablere seg som forfattar på heiltid, døydde ho, nær 50 år gamal.

Mest kjend er trilogien Helga. Forteljing for smaagjentor (1925), Ut i verda (1926) og I Vika (1928). Den uthaldande og pliktoppfyllande hovudpersonen Helga er typisk for mellomkrigstidas nynorske barnelitteratur.

Tematikk

Ho vart tidleg oppteken av fråhaldssak og skreiv indignert om fattigdom, sosial urett og forskjellar mellom by og land. Ho ytra seg modig om kvinners driftsliv, og var slik kontroversiell for si tid. Eit døme er når ho skriv om tabuet abort i romanen Den vene skåla 1935.

Dei siste bøkene ho gav ut, kom begge i 1938. I barneboka Desideria får avløysing tek ho mellom anna opp eit alvorleg helseproblem i samtida, nemleg lungesjukdomen tuberkulose. Novellesamlinga Merket var den einaste boka ho skreiv på bokmål. Ho tematiserer her dei svartaste sidene ved menneskelivet, mellom anna incest, sosialt avvik, skuldkjensle, psykiske lidingar og fordommar.

Nyrealisme

Den religiøse Okkenhaug høyrer heime i ein nyrealistisk tradisjon. Ho forkynner ikkje direkte, men skriv om den røyndommen ho kjenner. Ho har eit opplysande og oppdragande siktemål i mange av bøkene.

Språket er lettfatteleg og konkret. Ho nyttar gjerne lydmålande ord, men er forsiktig med bruk av framandord og språklege bilete. Replikkane karakteriserer ofte personane i handlinga gjennom ordval, dialektinnslag, bymål eller barnespråk.

Bibliografi

  • Vesle Gunnar og dei andre (1919), barnebok
  • Lauvfall (1920), barnebok
  • Born (1921), barnebok
  • Helga. Forteljing for smaagjentor (1925), barnebok
  • Ut i verda (1926), barnebok
  • I vika (1928), barnebok
  • Tvil (1929), barnebok
  • Skattehola (1931), barnebok
  • Det rette grunnlag (1933), skodespel
  • Den vene skåla (1935), roman
  • Tore (1936), skodespel
  • Desideria får avløysing (1938), barnebok
  • Merket (1938), novellesamling

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Litteratur

  • Tone Birkeland ofl.: Norsk barnelitteraturhistorie. Oslo 1997
  • Inger Lise Breivik ofl.: Kvinner i nynorsk prosa. Oslo 1980
  • Irene Engelstad ofl.: Norsk kvinnelitteraturhistorie, bd. 2. Oslo 1989
  • Sonja Hagemann: Barnelitteratur i Norge 1914–1970. Oslo 1978 (1974)
  • Tordis Ørjasæter ofl.: Den norske barnelitteraturen gjennom 200 år. Oslo 1981
  • 100-årsbetning for Frol sanitetsforening 2006

Faktaboks

Sigrun Okkenhaug
Historisk befolkingsregister-ID
pf01074201000496

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg