Hopp til innhold
X
Innhald

Olav Georg Martinus Rusti

Sjølvportrett.

Sjølvportrett.

Olav Georg Martinus Rusti (1850-1920), frå Vanylven, voks opp m.a. i Jølster og busett ei tid på Hermansverk, der faren Abraham Rusten (1817-1897) var lærar frå 1880.

Målar og teiknar, utdanna i Oslo, København og München. Gifta seg i 1893 med den tyske målarinna Frida Hoeck (1861-1963) og busette seg på Henjasanden i eit hus som dei kalla «Soria Moria-slottet».

I 1895 busette dei seg i Bergen, der dei kjøpte den særmerkte villaen «Urdi» ved Damsgaard, bygt i empirestil.

Rusti dreiv m.a. målarskule. Ein av dei som gjekk i lære hjå Rusti, var Bernt Tunold.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 29.01.2021