Hopp til innhold
X
Innhald

Paul Svarstad

Paul Isakson Svarstad (1917–1999) bonde, redaktør og Høgre-politikar.

Paul Isakson Svarstad (1917–1999) bonde, redaktør og Høgre-politikar.

Deltok i kampane ved Fyksesund, Eide og Skervet i april 1940. Han overtok gard og sagbruk i 1940, og dreiv under krigen stor skogsdrift m.a. i Gloppen. Han var også kjend som hestehandlar og -oppdrettar.

Redaktør i «Fjordingen» 1949-1951 (sjå Aviser og media i Stryn). Dreiv Industriuksessen Pre Tre AS. Medlem av kommunestyret frå 1952, og varaordførar i 12 år, til han i 1965 vart stortingsrepresentant for Høgre. Dette vervet hadde han i åtte år, og var deretter ordførar i Stryn i ein periode. Han var m.a. kjend som ein varm talsmann for heilårsveg over Strynefjellet.

Svarstad var ein flittig skribent, og gav m.a. ut ei historiebok om Innvik gjennom 200 år.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 29.01.2021