Faktaboks

Hans Ross

Hans Matthias Elisæus Ross

Fødd
14. april 1833, Holum (no Mandal), Vest-Agder
Død
16. juli 1914, Kristiania (no Oslo)
Verke
Språkforskar
Familie

Foreldre: Sokneprest Hans Christian Ross (1797–1872) og Magdalene Cathrine Edle Meyer (1798–1867).

Ugift.

Bror til Immanuel Ross (1842–1923; sjå NBL1, bd. 11); på morssida fetter og på farssida tremenning til Christian Meyer Ross (1843–1904).

Hans Ross
Hans Ross
Av .
Hans Ross
Hans Ross
Av .
Hans Ross
Hans Ross
Av /Det Norske Samlaget, Venelaget Hans Ross.

Hans Ross var ein norsk språkforskar, først og fremst kjend for å ha supplert og halde fram med Ivar Aasens innsamlings- og analysearbeid av norske dialektar, særleg ordtilfanget.

Resultatet av dette arbeidet gav han ut i ei eiga Norsk Ordbog som først kom ut som fleire hefte mellom 1890 og 1895. Boka har undertittelen Tillæg til ‘Norsk Ordbog’ af Ivar Aasen. Dette «tillegget» var faktisk større enn ordboka det var tillegg til. Den endelege boka (1895) var alt i alt på 932 sider. Ross sjølv vurderte seg også først og fremst som vidareførar av Aasens arbeid.

Bakgrunn

Ross vart fødd i 1833 i Holum utanfor Mandal. Han var såleis 20 år yngre enn Aasen, som trass denne aldersskilnaden kom til å få mykje å seie for han, både fagleg, språkpolitisk og privat. Stor avstand var det òg mellom den sosiale og språkpolitiske bakgrunnen deira.

Ross hadde opphav i embetsklassen; far hans var sokneprest og såleis embetsmann. Sonen gjekk først på borgarskolen i Mandal, så på katedralskolen i Kristiansand. Han blei student i 1849, 16 år gammal, studerte så teologi og tok som 22-åring teologisk embetseksamen i 1855. For dei fleste med hans utdanning låg vegen open for eit prestekall og/eller arbeid på universitetet eller i den høgare skolen.

Som cand.theol. var Ross fyrst eit år vikar ved borgerskolen i Mandal. Vinteren 1856–57 var han i Tyskland for å lære tysk. Han hadde Aasen-bøkene med seg. Då han kom heim att, byrja han som språklærar i Christiania, for han ville ikkje bli prest. Frå 1859 til 1860 var han i Storbritannia for å lære engelsk; han studerte òg fonetikk der. I 1873 gav han ut ei lærebok i engelsk. For å fange interessa åt elevane brukte han meir levande og praktisk stoff enn i dei danske lærebøkene som var i bruk då.

Målsak

Det var språkforsking «i Ivar Aasens fotefar» som interesserte han mest og som han brukte storparten av arbeidslivet sitt på. I så måte var han atypisk for dei samtidige som han delte klasse- og utdanningsbakgrunn med.

Atypisk var det òg at han blei målmann. Det skjedde alt mens han gjekk på katedralskolen i Kristiansand. Ein av lærarane gjorde han og andre elevar merksame på Ivar Aasens nyutkomne Det norske Folkesprogs Grammatik (1848) som han las og let seg overtyde av.

Denne historia er heilt parallell med Elias Blix’ erfaring nokre få år seinare. Blix las Aasens grammatikk mens han gjekk på seminaret i Tromsø og blei målmann over natta, slik han sjølv skildra det. Både Ross og Blix konverterer så å seie frå dansk til landsmål ved å lese ei grammatisk framstilling av «det norske Folkesprog». Denne felles erfaringa gir eit interessant glimt inn i den språkpolitiske og språksosiale samtidskonteksten nokre tiår etter unionsoppløysinga i 1814. Seinare kom både Ross og Blix til å høyre til i den næraste krinsen kring Aasen.

Ross og Aasen møttest fyrste gong 1857, og etter det kom dei ofte saman. Ross byrja med å samle sørlandsord for Aasen. Frå 1867 til 1869 fekk han stipend av universitetet til innsamling, og han heldt noko fram på eigen kostnad til 1874.

Språkarbeid

Norsk Ordbog av Hans Ross

Hans Ross er først og fremst kjend for å ha supplert og halde fram med Ivar Aasens innsamlings- og analysearbeid av norske dialektar, særleg ordtilfanget. Resultatet av dette arbeidet gav han ut i ei eiga Norsk Ordbog som først kom ut som fleire hefte mellom 1890 og 1895. Boka har undertittelen Tillæg til ‘Norsk Ordbog’ af Ivar Aasen. Dette «tillegget» var faktisk større enn ordboka det var tillegg til.

Norsk Ordbog av Hans Ross
Av .

På 1860-talet, parallelt med at Ross var språklærar i Christiania, begynte han å samle sørlandsord for Ivar Aasen. Sørlandet var eit område Aasen sjølv hadde lite dialektmateriale frå. Mellom 1867 og 1869 fekk Ross stipend frå Universitetet i Christiania til dette innsamlingsarbeidet.

Parallelt med undervisningsarbeidet sitt fekk han i 1873 utgitt ei lærebok i engelsk, som kom i fleire opplag. Men frå og med 1877 fekk han årlege løyvingar frå Stortinget til dialektinnsamlingsarbeidet sitt og kunne konsentrere seg om det.

Konflikt om professorat

Kring 1880 arbeidde nokre for å gjera Ivar Aasen til professor i norsk folkemål, men han ville ikkje. Johan Sverdrup tok då opp framlegg om at Ross skulle bli det, og det fekk fleirtal i Stortinget. Den normale prosedyren var at universitetet sjølv tok initiativ i slike saker, og at regjeringa i budsjettproposisjonen gjorde framlegg overfor Stortinget. Men i tre tilfelle før dette hadde Stortinget sjølv foreslått å opprette og løyve pengar til professorat: i 1858 til matematikaren Ole Jacob Broch, i 1872 til matematikaren Sophus Lie og i 1874 til historikaren Ernst Sars. Alle desse blei aksepterte av universitetet, jamvel om professoratet til Sars var kontroversielt, først og fremst av politiske grunnar.

Kontroversielt blei også framlegget om å utnemne Ross. Saka representerer eit interessant tidsbilde og viser tydeleg at og på kva måte målsaka og fornorskingsstrevet var ideologisk rotfesta i samtida. Langt på veg gjekk det også partipolitikk i saka. Stortinget fatta først eit positivt vedtak med 83 mot 30 stemmer. Regjeringa sende så saka over til universitetet, der Det historisk-filosofiske fakultetet først behandla henne og der fleirtalet røysta for, med ni mot sju røyster. I Det akademiske kollegium derimot blei resultatet det motsette, tre røysta mot, to for.

Gjennom heile denne prosessen var stemmegjevinga delt mellom Høgre-folk og Venstre-folk, mellom dei som støtta målreisinga, som på dette tidspunktet tydeleg var i ferd med å utfordre det tradisjonelle skriftspråket i landet, og dei som ville halde på det gamle. Også forholdet mellom Stortinget og universitetet blei aktualisert i debatten. Somme av universitetsprofessorane ville ha seg fråbede denne forma for innblanding frå Stortinget si side.

Den endelege avgjerda skal Ross ha tatt tungt, men han heldt fram som statsstipendiat, og da han i 1886 fekk tilbod om eit professorat, også denne gongen etter initiativ frå Stortinget, takka han nei.

Målreising som del av nasjonale straumdrag i Europa

Det var karakteristisk for Ross at han ikkje såg norsk målreising som ei isolert sak, men som ein parallell til dei nasjonale straumdraga som store delar av Europa gjennomlevde. Målreisinga i Noreg var ein del av ei brei folkeleg rørsle for nasjonal sjølvråderett, kulturelt og politisk.

At talespråket i Noreg fekk skriftleg uttrykk og blei dyrka fram til eit felles kulturmål som kunne erstatte dansk-norsken, var for han ein naturnødvendig prosess. Dette var eit standpunkt han heldt fast på livet igjennom.

Norsk Ordbog og andre utgjevingar

Lauvduskar VI

Alt frå 1867 og gjennom store delar av livet gav han ut hefte med småstykke på landsmål med populært lesestoff av ymse slag. Lauvduskar kalla han dei. Desse selde han på innsamlingsreisene sine.

Lauvduskar VI
Av .
Lisens: CC BY SA 3.0

Ordboksutgjevinga i 1895 blei positivt mottatt. Alf Torp omtalte boka som eit «Nationalværk». Frå no av brukte Ross tida si til å ordna opp i anna tilfang han hadde samla, og gi det ut.

Norske Bygdemaal (1905-09) er ein serie monografiar over målføregrupper i heile Skandinavia utan omsyn til nasjonalstatsgrenser.

Alt frå 1867 og gjennom store delar av livet gav han ut hefte med småstykke på landsmål med populært lesestoff av ymse slag. Lauvduskar kalla han dei. Desse selde han på innsamlingsreisene sine.

Ross følgde ikkje Aasen slavisk i skrivemåten av landsmålet. Meir i andre skrifter enn i ordboka veik han av frå den strenge Aasen-norma og skreiv nærare røynleg uttale i talemålet. Han var mest som ein lærar for Garborg og andre og vart ein førelaupar for midlandsmålet.

Han var med på skipinga av Det Norske Samlaget i 1868 og var styremedlem og språkkonsulent der i mange år. Han var òg konsulent for forfattarar som gav ut litteratur med dialektpreg, m.a. Per Sivles Vossa-stubbar og replikkane i Amalie Skrams Hellemyrsfolket.

Det siste skriftstykket frå Ross’ hand er artikkelen Race, Nation, Sprog (1909) der han oppsummerer det kultur- og språkpolitiske synet sitt.

Han var vald inn i Videnskabsselskabet i Kristiania (no Det Norske Videnskaps-Akademi) i 1892 og vart heiderslagsmedlem i Det Norske Samlaget i 1897.

Utgjevingar

  • Europe as it ought to be at the End of 1861, London 1860
  • Lauvduskar, samla og utgjevne av Hans Ross, 1867
  • Lauvduskar. Samling af ymse Smaastykke, 6 bd., 1867–87
  • Lærebog i Engelsk, nærmest for Middelskolen, 2 bd., 1872–73
  • Ein Soge-Bundel, 1869
  • Norske Viser og Stev,1869
  • Maalreisningen her hjemme, belyst fra Udlandet, Stavanger 1878
  • Samlinger til den norske Ordbog, 1883
  • Norsk Ordbog. Tillæg til ’Norsk Ordbog’ af Ivar Aasen, 1895
  • «Lister». Causerier, 1900
  • Norske Bygdemaal, bd. 1–17, VSK Skr., 1905–09
  • Race. Nation. Sprog, 1909

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Grønvik, Oddrun 1989: Meir enn eit tillegg til annan manns verk? Om Hans Ross og ordboka hans. I: Almenningen, Olaf og Oddrun Grønvik (red.): Ord og Mål. Festskrift til Magne Rommetveit 4. oktober 1988. Kringkastingsringen 1989, s. 95–111.
  • Venås, Kjell: Hans Ross i Norsk Biografisk Leksikon.
  • Venås, Kjell 2009: Hans Ross. Målføregranskar, ordboksskrivar og grammatikar. Oslo: Novus.

Faktaboks

Hans Ross
Historisk befolkingsregister-ID
pf01053257116811

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg