Faktaboks

Hildegun Riise
Fødd
19. desember 1958, Strandebarm

Hildegun Riise spelte aromaterapeuten Susie i Annette Sjursens film Min misunnelige frisør frå 2004. Her saman med Gard Eidsvold som hovudpersonen Bent og (til høgre) Bjørn Sundquist som frisøren Frank.

.
Lisens: Avgrensa gjenbruk

Hildegun Riise er ein norsk skodespelar, teaterinstruktør og songar, som har vore tilsett ved Det Norske Teatret sidan debuten i 1986.

Ho fekk Heddaprisen i klassen for beste kvinnelege birolle for rolla som bestemora i Torkil Sandsunds teaterframsyning etter Agota Kristofs Tvillingar-trilogi (Det Norske Teatret 2007) og Amandaprisen for rolla som mor til Daniel i Pål Jackmans Detektor (premiere 2000, pris i 2001).

Teaterarbeid

Riise er utdanna ved Statens teaterhøgskole, som ho vart uteksaminert frå i 1986. Ho har gjort seg merka i musikkteatersamanheng, mellom anna som Hodel i Spelemann på taket (1987) og gjøglaren i Sankt Olavs Skrin av Edvard Hoem (1990), og dessutan i sentrale roller i Terje Rypdals Phantasma (2003), i Vreeswijk-kabareten Dansa samba med meg (2006) og i Jesus Christ Superstar (2009), alle dei nemnde på Det Norske Teatret.

Riise har spelt sentrale taleroller i klassikarar og samtidsdrama. Blant mykje anna har ho gitt liv til Klytaimnestra i Evripides' Ifigeinia i Aulis (2000), Arkadina i Tsjekhovs Måken (2003) og Anna i Marit Tusviks Angerhøy (2005), også desse på Det Norske Teatret. For rolla som søster Aloysius i John Patrick Shanleys Tvil, i regi av Hans Petter Moland (DNT 2011) vart ho igjen nominert til Heddaprisen, også denne gongen i klassen for beste kvinnelege birolle/medspelar. På same teater spelte Riise tittelrolla i Rikke Wölcks demensdrama Eg heiter Bente i 2015, og Sorgfrid i musikkteaterframsyninga Kan nokon gripe inn (produsert i samarbeid med Riksteatret) etter Stein Torleif Bjellas musikk i 2017. I 2018 hadde ho rolla som Mor Åse i Peer Gynt.

Riise er kjend som ein innsiktsfull tolkar av Jon Fosse, og har mellom anna spelt kvinna i Nokon kjem til å komme (NRK Radioteatret 1999), kvinna i Vakkert (DNT 2001), mora i Namnet (DNT 2011) og den eldre kvinna i Hav (DNT i samarbeid med Hordaland Teater og Festspillene i Bergen 2014). Debuten hennar som regissør var med oppføringa av Jon Fosse-romanen Morgon og kveld for Nationaltheatret i 2015.

Film og TV

Riise filmdebuterte som Skaaro i Ola Solums Landstrykere (1989) etter Hamsuns roman. Ho har hatt større roller i Martin Asphaugs Giftige løgner (1992, etter romanen av Ingvar Ambjørnsen), Emil Stang Lunds Flaggermusvinger (1992, etter tre noveller av Hans E. Kinck) og Bent Hamers 1001 gram (2014).

For rolla si i Berit Nesheims Søndagsengler (1996, etter Reidun Nordtvedts roman Søndag) vart ho kåra til beste kvinnelege filmskodespelar ved den internasjonale filmfestivalen i Tokyo. I Annette Sjursens Min Misunnelige frisør (2004, etter Lars Saabye Christensen) spelte ho Susie, ei rolle ho vart nominert til Amandaprisen for.

Ho spelte Agnes i TV-serien Vestavind (1994–95) og var ein av dei tre som framstilte Suzannah Ibsen i TV-dramaet Suzannah, skrive av Jon Fosse (2003), og ho hadde ei mindre rolle i Kampen for tilværelsen (2015).

Riise gav i 1993 ut CD-en Den fattige Gud, med tekstar av Edvard Hoem.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg