Faktaboks

Olav Anfinnson Refsdal
Fødd
18. november 1862, Vik i Sogn
Død
29. mai 1945, USA

Olav Anfinnson Refsdal, norskamerikansk prest og målmann frå Vik i Sogn.

Bakgrunn

Olav Anfinnson Refsdal gjekk to år på Sogndal folkehøgskule og deretter Hamar Lærerseminar (1880–82) og var så lærar i sju år, før han utvandra til USA i 1889. Same året byrja han på eit fireårig teologistudium og vart uteksaminert som teolog ved Augsburg Seminary i Minnesota i 1893. Same året vart han gift med Inger Løbeck.

Virke

Refsdal arbeidde som prest i nesten 50 år i ulike statar. I tillegg til prestegjerninga redigerte han to tidsskift: Barnets Ven (1899–1903) og fråhaldsbladet Lyngblomsten (1907–15). Han publiserte preiker, gav ut ei salmebok, Salmernes Bog i Bibelen (1917), og Læsebogen, ei lesebok for kyrkjeskulane (to opplag, 1903 og 1904). Av skjønnlitterære bøker gav Refsdal ut To konfirmanter – Fortælling for børn (1902), lyrikksamlinga Fagerliens Tvillinger eller Hverdagslivet (1913), Samuel (1916), Elias (1916) og Barnebogen (1924). Alle desse bøkene inneheld enkle oppbyggjelege forteljingar. I tillegg publiserte han ei mengd dikt i ulike norskamerikanske aviser og blad. Motivmessig krinsar dikta om heimbygda, slekta og norsk natur.

Målsak

Refsdal synte stor interesse for målsaka og skreiv fleire tekstar på nynorsk og heldt preiker på målet. Læsebogen er den einaste leseboka på norsk i Amerika med nynorske tekstar. Fagerliens Tvillinger inneheld sju dikt på nynorsk. Refsdal var òg med i skriftstyret i nynorskbladet Norrøna, men bidrog lite. Berre to dikt og to brev til redaktøren ber namnet hans. Refsdal var òg ein ihuga fråhaldsmann og var i fleire år sekretær i den nasjonale fråhaldsrørsla.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Sunde, A. (1989): «Olav Anfinnson Refsdal. Prest og diktar i Amerika». Pridlao nr. 1/1989, s 18–19, Vik Historielag

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg