Hopp til innhold
X
Innhald

Synnøve S. Bjørset

Synnøve S. Bjørset. Foto: Vegard Fimland.

Synnøve S. Bjørset. Foto: Vegard Fimland.

Synnøve S. Bjørset fødd 1979 på Bjørset, busett i Jølster. Folkemusikar med hardingfele som hovudinstrument. Utdanna bachelor i utøving ved Norges Musikkhøgskole og har vore elev hjå fleire framståande folkemusikarar. Ho har vore solist ved ei mengd konsertar i inn-og utland, m.a. som medlem i gruppa «Majorstuen», og arbeider elles som prosjektleiar og produsent for konsertar og plateutgjevingar.

Ei plate gjeven ut av Majorstuen i 2003, fekk Spellemannprisen. Fleire av plateproduksjonane hennar er kjøpte inn av Norsk Kulturråd. Synnøve Bjørset mottok Statens kunstnarstipend og Sparebanken Vest sitt kunstnarstipend i 2006.

I 2011 fekk ho Folkelarmprisen (folkemusikken sin platepris) for beste soloplate for ”Soli” som ho gav ut saman med Åse Teigland og Anne Hytta.

Synnøve S. Bjørset takkar for Folkelarmprisen. Foto: Stian Sjursen Takle, NRK.

Synnøve S. Bjørset takkar for Folkelarmprisen. Foto: Stian Sjursen Takle, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 28.01.2021