Faktaboks

Edward Lee Thorndike
Uttale
þˈå:ndaik
Fødd
31. august 1874, Williamsburg, Massachusetts, USA
Død
9. august 1949, Montrose, New York, USA
Edward Lee Thorndike
Thorndike er kjent for sin teori om instrumentell betinging.

Edward Lee Thorndike var ein amerikansk psykolog. Han er særleg kjend som banebrytar i vitskapleg dyrepsykologi, psykologien og intelligensmålinga til læringa av vaksne, for innføring av statistiske metodar i pedagogisk psykologi og utforming av standardiserte kunnskapstestar og psykologiske undervisningsmetodar i dei enkelte skulefaga.

I læringspsykologien er prinsippet om prøving og feiling, trial and error, og verknadslova, law of effect, knytt til hans namn.

Thorndike gav blant anna ut Animal Intelligence (1898), Educational Psychology (3 bind, 1913–1914) og The Measurement of Intelligence (1927).

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg