Faktaboks

Ragnfrid Trohaug
Fødd
23. desember 1975, Bodø
Ragnfrid Trohaug
Ragnfrid Trohaug.
Av .

Ragnfrid Trohaug er forfattar og forlagsredaktør med bøker for barn og ungdom som spesialfelt.

Bakgrunn

Trohaug er fødd i Bodø. Ho tok Intenational Baccalaurate-eksamen ved United World College of the Atlantic i Wales i 1994. Ho er cand.mag. frå Universitet i Bergen, med litteraturvitskap, kunsthistorie og spansk, og ho tok forfattarstudiet i Bø i 1999/2000. Ho debuterte med ungdomsromanen Okkupert kjærleik i 2000.

Ho skreiv to ungdomsromanar, ei barnebok og eit høyrespel før ho vart forlagsredaktør i Mangschou Forlag i 2005. Frå 2006 til 2017 var ho forlagsredaktør, med hovudsansvar for barne- og ungdomslitteraturen i Det Norske Samlaget. I 2018 blei ho redaksjonssjef for Cappelen Damm Barn og ungdom.

Tema i romanane

I romanane sine har Trohaug teke opp aktuelle tema som homofili og anoreksi, men det er dei gode skildringane av generelle kjensler knytt til pubertet og ungdomstid som gjer forfattarskapen hennar særleg interessant.

Engasjement og prisar

Trohaug har vore styremedlem i Norske barne- og ungdomsbokforfatteres forening og Norsk Barnebokinstitutt. Ho har òg vore aktiv som litteraturformidlar både som forfattar på turné, foredragshaldar og som lærar på skrivekurs for ungdom.

For debutromanen Okkupert kjærleik fekk ho Kulturdepartementets debutantpris og Blixprisen (2000). Ho har òg fått Guro Sandsdalens minnepris for forfattarskapen sin (2003).

Utgivingar

  • Det spøker! (Barnebok, Samlaget, 2018)
  • Vi vil ha hund (Biletbok, Cappelen Damm, 2012)
  • Landet alltid raudt (Barnebok, Samlaget, 2005)
  • Dobbeltgjengaren (Dramatikk, Samlaget, 2004)
  • Frå null til no (Ungdomsbok, Samlaget, 2001)
  • Okkupert kjærleik (Ungdomsbok, Samlaget, 2000)

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg