Faktaboks

Åshild Ulstrup
Fødd
29. april 1934, Kvinnherad, Trøndelag
Åshild Ulstrup.
Av /Samlaget.

Åshild Ulstrup er journalist, forfattar og foredragshaldar. I over 30 år laga ho personintervju i NRK.

Bakgrunn

Åshild Ulstrup er fødd i Kvinnherad i Hordaland (no Vestland). Ho gjekk Voss folkehøgskule i 1951, tok examen artium ved Hordaland fylkeskommunale gymnas i Bergen i 1953 og eksamen ved Journalistakademiet i 1955. Ho studerte også folkeminne.

Journalistikken

Frå 1956 til 1964 arbeidde ho som frilansar i ymse aviser og i Alle Kvinner. Ho var skript i NRK Fjernsynet i 1964–1966, frilansar i NRK Radio i 1969–1980, spaltist i Dagbladet i 1980–1981 og redaksjonssekretær i NRK Radio i 1981–2004. Ho er særleg kjend for personintervju i NRK gjennom meir enn 30 år, mellom anna i radioprogramma «Sånn er livet», «På livet laus» og «Middagsstunden». Målforma hennar var nynorsk.

Forfattarskapen

Åshild Ulstrup har gitt ut eller vore medforfattar til eit tital dokumentar- og intervjubøker, dels på bokmål, dels på nynorsk. Tre av bøkene har ho gitt ut etter at ho fylte 70 år.

Fleire av bøkene tek opp aldring, alderdom og tilbakeblikk på levd liv: Rop fra en taus generasjon (1974, saman med Wenche Dager Eriksen), Det grenseløse livet (1986, saman med Tove Reite), 100 pluss – våre eldste forteller (2006) og Kjærlighet uten alder (2009). I 2012 kom boka Eg ser i sol. Døden – tankar og undring.

Kjærleik, samliv og seksualitet er emne i andre bøker: Kjærlighetens lykke og ulykke (1977, saman med Wenche Margrethe Myhre), Menn og elskere (1978), Ta sjansen på livet (1981), Hore og madonna på kjærleikens øy (1987). Huldra – den farlege lengten, som ho gav ut saman medWenche Øien i 1993, inneheld førestellingar og forteljingar om huldra.

Både før og etter ho vart pensjonist, har Ulstrup vore ein svært aktiv og omtykt foredragshaldar.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Kjartan Rødland (red.): Dei siste bondestudentane. Hordaland fylkeskommunale gymnas 1950–65 – slik elevar og lærar såg det. Bergen 2007
  • Tormod Valaker: Godtfolk – portretter av 28 vestlendinger. Bergen 2005
  • Nils E. Øy: Pressefolk 1997. Institutt for Journalistikk. Oslo 1998

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg