Faktaboks

Berit Vatne Vik
Fødd
13. september 1933, Seim, Nordhordland
Berit Vatne Vik
Berit Vatne Vik

Berit Vatne Vik er ein norsk forfattar. Ho debuterte skjønnlitterært 66 år gamal med første bandet i ein serie historiske romanar med handlinga lagd til 900-talet.

Bakgrunn

Berit Vatne Vik gjekk på Stord off. lærarskule i perioden 1951–1955, men har praktisert lite som lærar. For det meste har ho vore husmor og sysla med husflid. I mange år dreiv ho Galleri Osterøy og vov åkle.

Forfattarskap

Med røter på Fitjar er ho vel kjend med det landskapet ho skildrar i bøkene om Gudrød-sønene. Den oppdikta sonesonen til Eirik Blodøks, Gudrød, er hovudperson i dei to første bøkene i serien, Leirfuglen (1999) og Reise med vinden (2000). I dei to neste, Rop over havet (2007) og Draumen om Hallgjerd (2009), er det Torarin, son til Gudrød, handlinga dreiar seg om. Romanane er baserte på historiske hendingar, til dømes slaget på Fitjar i 960, og handlinga er elles lagt til dei norrøne områda i vesterveg – Shetland og Orknøyane.

I tillegg til desse bøkene har Berit Vatne Vik gitt ut Dagen om natta (2003), som handlar om ei ung kvinne som vert spedalsk, for om lag 150 år sidan. Elisa (2005) er lagt til vår eiga samtid og inneheld element av fantastisk litteratur. Vatne Vik har fått gode kritikkar for ungdomsromanane sine. Ho har tidlegare hatt dikt og forteljingar på trykk i Dag og Tid, Tun, Norsk Barneblad og Magne.

Utgivingar

  • Dagen om natta (Roman, Leirfuglen forlag, 2019)
  • Bakom kvite skyar (Leirfuglen forlag, 2019)
  • Draumen om Hallgjerd (Ungdomsbok, Samlaget, 2009)
  • Rop over havet (Ungdomsbok, Samlaget, 2007)
  • Elisa (Barnebok, Samlaget, 2005)
  • Dagen om natta (Ungdomsbok, Samlaget, 2003)
  • Reise med vinden (Barnebok, Samlaget, 2000)
  • Leirfuglen (Barnebok, Samlaget, 1999)

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg