Faktaboks

Jo Visdal

John Visdal

Fødd
2. november 1861, Vågå
Død
26. desember 1923, Asker
Verke
Bilethoggar
Familie

Foreldre: Bonde John Visdal (f. 1827) og Kari Johnsdotter (f. 1831).

Gift 26.12.1900 i Asker med Marie Christiansen (28.3.1870–24.11.1946), dotter til stasjonsmeister Ole Christiansen og Elisa Johnsen.

Edvard Munch

Jo Visdal: Maleren Edvard Munch

Av /Nasjonalmuseet.
Carsten Anker
Jo Visdals skulptur av Carsten Anker ved Eidsvollsbygninga på Eidsvoll.
Av .
Lisens: CC BY 3.0

Jo Visdal var ein bilethoggar og medlem av Askerkretsen som foreviga nokre av dei fremste forfattarane og kunstnarane Noreg har fostra.

Bakgrunn

Han var døypt John, men ettersom både faren, morfaren og ein bror heitte John, vart han kalla Jo for å skilje han frå dei andre. Som unggut tok han til som treskjerar heime i Vågå, men som 19-åring reiste han til Kristiania. Sambygdingen Halfdan Halvorsen og treskjeraren Johannes Odden frå Lom hjelpte han så han vart læregut hos møbelsnikkarmeister H. W. Schrøder. Men her slutta han etter ei tid og levde så av å skjere trefigurar som han selde gjennom Bennetts reisebyrå.

1883 byrja Visdal som elev på Den kongelige Tegneskole, og han debuterte same året på Haustutstillinga med ein portrettbyste. Denne tida fekk han nær kontakt med bilethoggaren Mathias Skeibrok, som nok vart eit førebilete. Han vart også kjend med Lars Utne, som han budde saman med ei tid. Edvard Munch vart ein nær ven, og Visdal laga ein byste av Munch som fekk mykje merksemd og som førte til at han fekk eit stipend frå Houens legat til eit studieopphald i Paris, dit han reiste 1888.

I Paris fekk Visdal undervisning hos målarane Leon Bonnat og Alfred Roll, seinare også hos Pierre Puvis de Chavannes. Det kjensleladde og dramatiske uttrykket i den franske skulpturen i tida synest ikkje å ha gjort inntrykk på Visdal. Han heldt på sitt naturalistiske kunstsyn livet ut. Derimot vart han inspirert av franskmennenes høgt utvikla handverk.

Etter at han kom attende frå Paris, gjekk han i gang med det som er sett på som det viktigaste verket hans, bysten av språkmannen Knud Knudsen. Denne hogg Visdal seinare sjølv i marmor. Etter dette strøymde det på med tingingar på portrett av kjende personar, og fram til han døydde var Visdal ein av dei mest produktive norske bilethoggarane i si samtid. Mange av portretta var minnesmerke han måtte lage etter fotografi. Det var med dette arbeidet med portrettbyster og -relieff han gjorde den største innsatsen sin. Mange av dei høyrer til dei ypparste innanfor vår naturalistiske skulptur. Han laga byster av m.a. Bjørnstjerne og Karoline Bjørnson, Johan Selmer, Henrik Ibsen, Arne Garborg, skodespelarinna Sofie Parelius og lækjaren Armauer Hansen, og portrettrelieff av ekteparet Jonas og Thomasine Lie. Av dei få større komposisjonane er statuen av Carsten Anker ved Eidsvollsbygningen. Til Fagerborg kyrkje i Oslo laga han ei altartavle i relieff, Korsfestelsen. Til utsmykkinga av Nationaltheatret laga Visdal grupper av unge gutar. Nemnast må også portrettet av kong Haakon 7 til dei nye myntane 1907 og medaljen til universitetets 100-års jubileum 1911 etter teikning av Domenico Erdmann.

Visdal var elles aktiv i kunstnarorganisasjonane. Han var jurymann på jubileumsutstillinga på Frogner 1914, der han òg var arrangør og montør for skulpturavdelinga og sjølv deltok med fem byster og eit relieff. Han var elles medlem i Bildende Kunstneres Styre i over 25 år, og i fleire år medlem av innkjøpskomiteen til Nasjonalgalleriet.

Frå 1901 til han døydde budde Jo Visdal i Asker. Her kom han inn i det kulturelle miljøet som på denne tida fanst her, med Hulda og Arne Garborg, Gustav Wenzel, Wilhelm Rasmussen og fleire; rundt 1908 slo også den gamle venen Lars Utne seg ned her. Visdal representerte Venstre i Asker kommunestyre frå 1916. Han var også ansvarleg for den kommunale boksamlinga og dei lokale kinoforestillingane.

Utmerkingar

Visdal vart kommandør av Kunstnerforeningens Purpurnese-orden i 1912. Det vart arrangert ei minneutstilling hos Blomqvist i 1936 og i Nordherad i Vågå i 2005.

Portretter

  • Teikning trykt i G. Lærum: Karikaturer af norske kunstnere, 1895
  • Karikaturteikning av Olaf Gulbransson, 1896; trykt i M. Schulerud: På Grand i 100 år, 1974, s. 119

Verk

Skulptur (eit utval)

  • Edvard Munch, byste (bronse), 1886, NG (kopi i BKM og Munch-museet)
  • Knud Knudsen, byste (marmor), 1889, NG (kopi i Nationaltheatret)
  • Bjørnstjerne Bjørnson og Karoline Bjørnson, byster (gips), 1890, Aulestad, Gausdal
  • Johan Selmer, byste (bronse), 1894, NG og på Selmers grav, Vår Frelsers gravlund
  • gutefigurar, stein, ca. 1899, scenebygningens sidegavlar, Nationaltheatret
  • Gerhard Armauer Hansen, byste (bronse), 1900, Museumshagen, UiB
  • Henrik Ibsen, byste (bronse), 1903, Skien videregående skole
  • altartavle Korsfestelsen, 1904, Fagerborg kyrkje, Oslo
  • Sofie Parelius, byste (marmor), 1904, Nationaltheatret
  • Arne Garborg, byste (gips), 1904, NBO
  • Haakon 7, portrettrelieff til mynt, 1907
  • Thomasine og Jonas Lie, portrettrelieff (bronse) til gravstad, 1909, Stavern kyrkjegard
  • Nicolai Wergeland, byste (marmor), 1912, Universitetets Aula, Oslo
  • Carsten Anker, statue (bronse, heilfigur), 1913–14, ved Eidsvollsbygningen
  • Sjå elles verkliste i Norsk kunstnerleksikon, bind. 4, 1986, s. 398–399

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Litteratur

  • Arne Durban-Hansen (1941). Jo Visdal : Bondegutten fra Vågå som blev billedhugger, Kunst og Kultur
  • Francis Bull: Norske portretter. Forfattere. Oslo 1956
  • Arne Durban-Hansen: «Jo Visdal. Bondegutten fra Vågå som blev billedhugger», Kunst og Kultur 1941
  • Hulda Garborg: Dagbok 1903–14. Oslo 1962
  • Øystein Hovdkinn: «Jo Visdal. Bilethoggaren frå Vågå», i Arvid Ødegaard (red.): Årbok for Gudbrandsdalen 1994. Seinare trykt i Ellen Wold og Knut Raastad (red.): Jo Visdal. Bondeguten som reiste til Paris for å bli bilethoggar. Norheradsprosjektet 2006
  • Karl Nilsen: Blant kunstnere i det gamle Asker. Asker og Bærum historielag 1979
  • Sigrid Rømcke Thue og Oscar Thue: «Visdal, Jo (John)», Norsk kunstnerleksikon. Oslo 1986. Seinare trykt i Ellen Wold og Knut Raastad (red.): Jo Visdal. Bondeguten som reiste til Paris for å bli bilethoggar. Norheradsprosjektet 2006
  • Ellen Wold og Knut Raastad (red.): Jo Visdal. Bondeguten som reiste til Paris for å bli bilethoggar. Nordheradsprosjektet 2006

Faktaboks

Jo Visdal
Historisk befolkingsregister-ID
pd00000012117279

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg