Faktaboks

Knut Vaage
Fødd
14. oktober 1961, Kvinnherad

Knut Vaage er særleg oppteken av møte mellom konservative former og moderne estetikk.

.
Lisens: CC BY 2.0

Knut Vaage er ein norsk komponist og utøvar av improvisasjons- og samtidsmusikk. Han er særleg oppteken av møte mellom konservative former og moderne estetikk.

Vaage er utdanna pianist og komponist ved Bergen Musikkonservatorium i 1985 til 1990 og har sidan vore busett i Bergen.

Sentralt i verksemda hans står utforskinga av grenselandet mellom fri improvisasjon og komposisjon. Resultat av denne utforskinga finn vi blant anna presentert på plata JKL: 8.–10. desember (1998) med trioen JKL (Jørgen Træen, Knut Vaage og Lars-Erik ter Jung).

Ein annan viktig del av arbeidet er dei partiturbaserte komposisjonane, som utgjer storparten av produksjonen hans. Mange av komposisjonane tek utgangspunkt i ulike motsetnader mellom konservative former og meir radikale uttrykk. Det dialogiske er eit sentralt verkemiddel i Vaage sitt arbeid. I Orkesterdialogar blir det ein del av form og instrumentasjon. I multiMORF-serien avspeglar dialogen tilhøvet mellom akustisk lyd og elektronikk. I Relieff og Rite er dialog grunnlag for tilhøvet mellom solist og orkester.

Mellom viktige partiturbaserte verk er Movements (1996/98) for sinfonietta, operaen Nokon kjem til å komme (2000), basert på Jon Fosse sitt skodespel med same namn, Hokkaidos hagar (2004) for piano og orkester og Tjat (2005) for orkester. Vaage har òg tonesett tekstar av Erling Indreeide, Hanne Bramness, Ove Røsbak og Ragnvald Vaage.

Vaage har vore leiar for Ny Musikk Bergen, Autunnale (1994–1997) og Avgarde (2006–2008).

Verkliste (utval)

Orkester

  • Relieff (2021). Bestilt av Amalie Stalheim i samarbeid med Kringkastingsorkestret.
  • Orkesterdialogar (2018). Bestilt av Eivind Gullberg Jensen.
  • Rite (2013). Fiolinkonsert bestilt av Kringkastingsorkestret og Harald Aadland.
  • Mylder (2011). Bestilt av Kringkastingsorkestret til 250-års-jubileet til Universitetets Aula i Oslo.
  • Kyklop (2008). Bestilt av Trondheim Symfoniorkester.
  • Refleks (2007). Bestilt av Orkester Norden.
  • Tjat (2005). Bestilt av Bergen Filharmoniske Orkester.
  • Hokkaidos hagar (2004) for piano og orkester. Bestilt av Einar Røttingen.

Verk med elektronikk

  • Hybrid spetakkel (2020) for cello, sinfonietta, elektronikk og video. Bestilt av BIT20 Ensemble til Borealis.
  • Futurasjon (2015) for orkester og elektronikk. Bestilt av Bergen Filharmoniske Orkester til si 250-årsfeiring.
  • multiMORF-serien I-VII (2007-2021) for diverse ensemble, computer og video. Ein omfattande serie multimedia-verk som forskar på tilhøvet mellom akustisk lyd og elektronikk. Lyddesign Thorolf Thuestad. Videodesign HC. Gilje og Evelina Dembacke.

Kammermusikk

  • Svev (2017/18) for piano trio. Bestilt av Valen Trio.
  • Bumerang (2011) for strykekvartett. Bestilt av Nidaros Strykekvartett.
  • Movements (1996/98) for sinfonietta. Bestilt av BIT20 Ensemble.

Opera og oratorium

  • Khairos (2011) opera i to akter, libretto Torgeir Rebolledo Pedersen. Bestilt av Den Norske Opera & Ballett.
  • Høgsongen (2009) for 2 solistar, kor og orkester. Bestilt av Collegium Musicum.
  • Veslefrikk (2007) opera i éi akt, libretto Torgeir Rebolledo Pedersen. Bestilt av Opera Vest. Framført i Ungarn, Bergen og Tromsø. Sendt på TV i 70 land.
  • Nokon kjem til å komme (2000), til tekst av Jon Fosse. Bestilt av Opera Vest. Framført på Ultima i Oslo, i Bergen, Tyskland og Luxembourg.

Diskografi (utval)

  • Svev – Chamber Works by Knut Vaage – LAWO LWC 1199 (2020)
  • Gardens of Hokkaido – Bergen Filharmoniske Orkester – Aurora ACD 5072 (2010)
  • Someone is Going to Come – BIT20 Ensemble – Aurora ACD 5043 (2006)
  • Transit – BIT20 Ensemble – Aurora ACD 5019 (2000)
  • JKL: 8.-10. desember – Lars-Erik ter Jung, Knut Vaage, Jørgen Træen – Albedo ALBCD 014 (1999)
  • Eg strøyer mine songar ut – Linda Øvrebø, Jan Kåre Hystad, Knut Vaage – Albedo ALBCD 006 (1993)

Prisar

  • 2010: Arte (den franske kulturkanalen) sin publikumspris for Veslefrikk
  • 2003: Edvard-prisen for verket Graffiti

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg