Som joikar har Valkeapää solide røter i samisk musikktradisjon. I tillegg til eigne utgivingar er Valkeapää òg med på fleire samleutgivingar. Niko Valkeapää er gudson til avdøde Nils-Aslak Valkeapää, eller Áillohaš som han vert kalla på samisk, og har tonesett og gitt ut fleire av gudfaren sine dikt. Nedtona og minimalistisk, med sparsame arrangement, framfører han her fleire av Áillohaš sine dikt til eigne melodiar og trekkjer omgrepet «verdsmusikk» vidare mot eit meir moderne lydbilete av pop, rock og elektronika.
Sierra (2004) tyder «noko for seg sjølv», og med andrealbumet etablerte Valkeapää seg som ein av dei fremste samiske artistane. I ei form for open, eksperimentell pop held han og den faste låtskrivaren hans, musikar og produsent Georg Buljo, fram med å blande akustiske instrument og elektronika. Sierra er likevel meir rytmisk og intens enn debutalbumet. Joiken er, med eitt unntak, fråverande her i si opphavlege form.
Også tredjealbumet, dobbel-CD-en Birrat Birra (Rundt og rundt, 2008) vart kritikarrost for eit musikalsk landskap der jazz og ein moderne sound møter det urgamle samiske. Valkeapää har her med seg andre musikarar enn dei han vanlegvis arbeider saman med. Mellom anna har Mari Boine ei gjesteframføring på «Gula Sámi», ein song sett saman av hennar eigen «Gula Gula» og Isak Saba sin tekst til «Samefolkets song».
På kritikarroste Gusto (2012) går Valkeapää nye vegar og blandar samisk musikkarv med americana. Resultatet er noko han kallar samisk blues, eit akustisk lydbilete fullt av nerve og driv – nedstrippa, fokusert og umiddelbart, og mindre elektronisk enn dei føregåande albuma. Med et par mindre unntak spelar Buljo alle instrumenta, med meir bruk av akustiske instrument, mellom anna akustisk gitar, dobro, bouzouki og perkusjon. Tekstane omtalar i stor grad dei mørke sidene av menneskesinnet på ein ærleg, personleg og kjenslevar måte.
På albumet ÄÄ (2012) leverer Valkeapää ekstrovert og eksperimentell samisk pop som minner om synthbasert 80-talsmusikk, og med raskare rytmar enn han har vist fram før. Melankolien ligg no bak fengjande refreng, men dei mørke stemningane er framleis der og fortel om djupna i ei menneskesjel. Tekstane handlar om mennesket si leiting gjennom einsemd og tunge stunder. Som vanleg har Buljo laga dei fleste melodiane på albumet.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.