Hopp til innhold
X
Innhald

Vidar Bergset

Vidar Bergset fødd 1928, frå Bergset. Lærar og forfattar. Har gjeve ut fleire bøker med forteljingar, barnebøker og dikt på forlaga Norsk Barneblad og Fonna Forlag.

Medforfattar av Norges Kristelege Folkehøgskolelags historie 1914-1984, og var forfattar av ”Nordfjord Folkehøgskule 75 år – 1923-1998”. I 2011 gav han ut ”Brennande liv” (Setesdalsforlaget), eit portrett av den danske presten og forfattaren Kaj Munk, som vart skoten av tyskarane under andre verdskrigen.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 28.01.2021