Faktaboks

Håkon Wergeland
Fødd
14. april 1878, Byrknesøy, Gulen, Sogn og Fjordane
Død
1. mars 1971, Skedsmo, Akershus

Håkon Hansson Wergeland var ein norsk prest, skulemann og forfattar. I ei årrekkje var han rektor ved lærarskulane i Notodden og Kristiansand, og han var forfattar av oppbyggjelege bøker og lærebøker. Han gav òg ut fleire diktsamlingar.

Lærar og prest

Wergeland tok teologisk embetseksamen i 1902. I studenttida engasjerte han seg i den kristne studentrørsla, og han var den første formannen i Studentmållaget i Kristiania. Kristendom og norskdom blei eit program for arbeidet hans i skulen og i lærarskulen. Han var styrar ved Oppland kristelege ungdomsskule, på Viken ved Gjøvik frå 1902 til 1911, rektor ved Notodden lærarskule frå 1911 til 1936 og ungdomsprest i Oslo frå 1937 til 1938. Frå hausten 1938 til han gjekk av for aldersgrensa i 1948 var han rektor ved Kristiansand lærarskule.

Under andre verdskrigen blei han avsett frå rektorstillinga i Kristiansand og forvist frå byen av tyskarane. Han verka som hjelpeprest i Strømmen kyrkje i Skedsmo frå 1943 til 1945. I 1945 blei han innsett i rektorstillinga att.

Forfattar

Den første boka han publiserte, var den populærteologiske Mathæusevangeliet i bibeltimer (1911). Læreboka Tru og liv (1916) var ei kristendomslære for lærarskulen og kom i ei rekkje opplag, medan Kristentro og kristenliv var lagd til rette for folkeskulen (1937). Kyrkjesoge for lærarskulane (1926–1927) i to band kom i fleire opplag. Også andre bøker hadde stor utbreiing, til dømes Israel føre Kristus (1938) og Jesu liv og aposteltida (1941). Wergeland var oppteken av fredsarbeidet i skulen og skreiv mellom anna Oppseding til fred. Handbok for lærarar i skulen (1953).

Han publiserte fleire diktsamlingar. Jord og himmel blei gitt ut i samband med reformasjonsjubileet i 1917, deretter kom Himmelprofeten (1919), Or bannet (1922) og Heimen (1930).

Wergeland var medlem av nemnda som vurderte Nynorsk Salmebok (1925). To gonger var han aktuell som kandidat til å bli biskop i Den norske kyrkja.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Reidar Bolling: Norges prester og andre teologiske kandidater. Oslo 1949
  • Studentene fra 1897. Kristiania 1922 Studentene fra 1897. Bergen 1948

Faktaboks

Håkon Wergeland
Historisk befolkingsregister-ID
pf01036440006012

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg