Hopp til innhold
X
Innhald

Aurlandsdalen vart ei nasjonal sak

Kraftmastene i Låvisberget i Aurland vitnar om ein kamp verneinteressene ikkje vann, men utbygginga i Aurlandsdalen vart heller ikkje så omfattande som utbyggaren ønskte. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Kraftmastene i Låvisberget i Aurland vitnar om ein kamp verneinteressene ikkje vann, men utbygginga i Aurlandsdalen vart heller ikkje så omfattande som utbyggaren ønskte. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

I 1969 gav Stortinget klarsignal til den enorme utbygginga av Aurlandsfalla som skulle vare langt inn på 1980-talet.

Aurland kommunestyre og fylkestinget hadde tilrådd, og stortingsrepresentantane frå Sogn og Fjordane tala varmt for utbygging. Men etter kvart viste det seg at Oslo Lysverker hadde teke konsesjon så sjølvsagt at dei hadde tjuvstarta med anleggsarbeidet før alt var formelt i orden. Bygdefolk og kommune visste om dette, men det var først då Stortinget gav konsesjon at dei klassiske naturvernarane vakna til protest.

Teigen i Aurlandsdalen. Foto: Anders Ohnstad.

Teigen i Aurlandsdalen. Foto: Anders Ohnstad.

Første kraftkonfrontasjonen

Striden om Aurlandsdalen frå 1969 og utover var den første store nasjonale konfrontasjonen mellom naturvernarar og utbyggjinginteresser. På den eine sida sto naturvernarar - i hovudsak byfolk. På den andre sto bygdefolk og kommune, alliert med kraftutbyggjarane og eit fleirtal på Stortinget.

I striden om Aurlandsdalen vart det for første gong i Noreg tala om «sivil ulydnad» mot stortingsvedtak. Dei mest militante aksjonistane ville lage «lenkegjeng» framfor anleggsmaskinene. Slikt vart det ikkje noko av i Aurland, men kom for fullt i Mardøla-aksjonane i Romsdal i 1971. Der deltok m.a. seinare justisminister Odd Einar Dørum, og filosofiprofessorane Arne Næss og Sigmund Kvaløy i sit-ned-aksjonar framfor gravemaskinene, og vart fjerna av politiet.

Harme på «byfolket»

Striden om Aurlandsdalen hamna i dei mest sentrale fjernsynsprogramma i NRK, og fekk førstesideoppslag i riksavisene. Aurlendingane var på si side harme fordi «byfolket» blanda seg inn i det som hende i deira eigen kommune. Aksjonistane i Aurland fekk ikkje hindra utbygginga, men fekk gjort store endringar m.a. med vassføring og kraftlinebyggjing, slik at Aurlands-reguleringa vart langt meir skånsam enn først planlagt.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 09.02.2015