Hopp til innhold
X
Innhald

Hallingskarvet nasjonalpark

Hellevatnet med utsikt mot Hellevassfonna. Foto: Aurland naturverkstad.

Hellevatnet med utsikt mot Hellevassfonna. Foto: Aurland naturverkstad.

Hallingskarvet nasjonalpark vart skipa i 2006 og dekkjer eit fjellområde på 450 kvadratkilometer i kommunane Aurland, Hol og Ulvik.

Ein av dei viktigaste grunnane til å skipe nasjonalparken var å sikre leveområdet for villreinstammen i Nordfjella. Hallingskarvet har dessutan ein særmerkt geologi, verneverdige vassdrag og sjeldne og truga plantar som tinderublom og hansmarinøkkel.

Tredje i fylket

Hallingskarvet nasjonalpark er den tredje nasjonalparken i Sogn og Fjordane etter Jotunheimen nasjonalpark og Jostedalsbreen nasjonalpark.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 09.02.2015