Hopp til innhold
X
Innhald

Landskapsvernområde og naturreservat

Kring om i Sogn og Fjordane er det ei mengd landskapsvernområde og naturreservat. Desse er skipa for å gje spesielt plante- og dyreliv og naturtypar betre vern. Dei største er omtala nedanfor. I tillegg er andre omtala under kvar kommune.

Det er ti landskapsvernområde i Sogn og Fjordane. Dei største er omtala nedanfor. I tillegg er andre omtala under kvar kommune.

Dei ti landskapsvernområda i Sogn og Fjordane:

  • Bleia-Storebotnen landskapsvernområde
  • Hestad landskapsvernområde
  • Mørkridsdalen landskapsvernområde
  • Naustdal-Gjengedal landskapsvernområde
  • Nærøyfjorden landskapsvernområde
  • Stølsheimen landskapsvernområde
  • Utladalen landskapsvernområde
  • Vigdalen landskapsvernområde
  • Vingen landskapsvernområde
  • Ålfotbreen landskapsvernområde
Vetti er ein del av Utladalen landskapsvernområde. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Vetti er ein del av Utladalen landskapsvernområde. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Nærøyfjorden på Verdsarvlista

Den trange og ville Nærøyfjorden inn mot Gudvangen kom i 2005 med på UNESCO si verdsarvliste over verneverdige landskap. Nærøyfjorden fekk denne statusen saman med Geirangerfjorden på Sunnmøre. Verdsarvstatusen gjer at store område kring fjorden og dalføret mot Stalheim vert bandlagde for vern.

Frå før er Urnes stavkyrkje på Ornes i Luster med på UNESCO si verdsarvliste.

Fleskedalen mellom Vettismorki og Skogadalsbøen er ein del av Utladalen landskapsvernområde. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Fleskedalen mellom Vettismorki og Skogadalsbøen er ein del av Utladalen landskapsvernområde. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Utladalen landskapsvernområde

grensar inn til Jotunheimen nasjonalpark og strekkjer seg frå områda ved Tyin i sør til Feigumvassdraget i Luster i nord. Verneområdet dekkjer 314 kvadratkilometer, og av desse ligg 226 i Årdal kommune.

Landskapsvernområdet vart skipa samstundes med at Jotunheimen nasjonalpark vart skipa i 1980, og det er utarbeidd felles forvaltningsplan for dei to fjellområda.

Ålfotbréen. Foto: Asle Veien, NRK.

Ålfotbréen. Foto: Asle Veien, NRK.

Ålfotbréen

er den vestlegaste isbréen i Noreg. Den dekkjer 70 kvadratkilometer og ligg i kommunane Bremanger, Flora og Gloppen, med høgste punkt 1632 m.o.h. I januar 2009 vedtok regjeringa å skipe Ålfotbréen landskapsvernområde. Landskapsvernet dekkjer eit areal på 226 kvadratkilometer i kommunane Bremanger, Flora og Gloppen – d.v.s. dei delane av området som ikkje er påverka av kraftutbygging.

Blådalen med Blådalsvatna er ein del av Naustdal-Gjengedal landskapsvernområde. Foto: Geir Eikås.

Blådalen med Blådalsvatna er ein del av Naustdal-Gjengedal landskapsvernområde. Foto: Geir Eikås.

Naustdal-Gjengedal landskapsvernområde

Etter årelang diskusjon om kraftutbygging eller vern vart Naustdal-Gjengedal landskapsvernområde skipa av regjeringa i januar 2009. Landskapsvernet omfatar 394 kvadratkilometer i kommunane Gloppen, Jølster, Førde og Naustdal. Kommunane fekk 10 millionar kroner til eit næringsfond som erstatning og 1,5 millionar til forvaltning av landskapsvernområdet.

Elles er det sett i gang arbeid for å for skipa Breheimen/Mørkrisdalen landskapsvernområde i Luster kommune. Eit naturreservat på nordsida av fjellet Bleia i Lærdal er også på tale å gjere til nasjonalpark.

Våtmarksreservat i Sogn og Fjordane

Dette er reservat som er skipa for å gje spesielle fugleartar, plantar og naturtypar som elvedelta m.m. spesielt vern.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 06.03.2017