Hopp til innhold
X
Innhald

Nærøyfjorden på Verdsarvlista

Nærøyfjorden. Foto: Heidi Fagna, NRK.

Nærøyfjorden. Foto: Heidi Fagna, NRK.

Den trange og ville Næryfjorden inn mot Gudvangen kom i 2005 med på UNESCO si verdsarvliste over verneverdige landskap.

Nærøyfjorden fekk denne statusen saman med Geirangerfjorden på Sunnmøre. Verdsarvstatusen gjer at store område kring fjorden og dalføret mot Stalheim vert bandlagde for vern.

Frå før er Urnes stavkyrkje på Ornes i Luster med på UNESCO si verdsarvliste.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 20.09.2011