Hopp til innhold
X
Innhald

Nasjonale laksefjordar- og vassdrag

Ålesundet i Førdefjorden. Her går grensa for den nasjonale laksefjorden. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Ålesundet i Førdefjorden. Her går grensa for den nasjonale laksefjorden. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

I den første vernerunden vart det oppretta sju nasjonale laksevassdrag og tre nasjonale laksefjordar i Sogn og Fjordane. I 2006 vart det oppretta 15 nye nasjonale laksevassdrag og åtte nye nasjonale laksefjordar i landet. Dermed har Noreg 52 nasjonale laksevassdrag og 29 nasjonale laksefjordar.

Vernet gjer at det er sett forbod mot nye oppdrettsanlegg i fjorden innanfor den verna sona, og at det m.a. er sett forbod mot kraftregulering i vassdrag der villaksstammen er verna.

Eidselva. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Eidselva. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Nordfjord:

  • Nordfjorden innanfor ei line ca. ved Isane, inkludert Eidsfjorden, og heilt til indre Nordfjord, med unntak av Hyenfjorden og Gloppefjorden.
  • Eidselva med Hornindalsvatnet og Hornindalsvassdraget
  • Strynevassdraget
  • Oldenvassdraget
  • Osfossen, der Gaula renn ut i Dalsfjorden. Foto: Ottar Starheim, NRK.

    Osfossen, der Gaula renn ut i Dalsfjorden. Foto: Ottar Starheim, NRK.

    Sunnfjord:

    • Førdefjorden innanfor ei line Flokeneset-Horneneset vest for Vevring.
    • Nausta
    • Dalsfjorden innanfor ei line mellom Holmedal – Straumsnes
    • Gaula
    • Dette biletet er teke søraustover frå Espeskog i Måren. Bak det første neset til høgre ligg Ortnevik. Grensa for laksefjorden går frå neset innanfor Ortnevik over mot Nessane på nordsida av Sognefjorden. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

      Dette biletet er teke søraustover frå Espeskog i Måren. Bak det første neset til høgre ligg Ortnevik. Grensa for laksefjorden går frå neset innanfor Ortnevik over mot Nessane på nordsida av Sognefjorden. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

      Sogn:

      • Sognefjorden innanfor ei line frå Ortmark til Nessane.
      • Vikja
      • Årøyelvi
      • Flåmselvi
      • Nærøydalselvi
      • Lærdalselvi
      Lærdalselvi. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

      Lærdalselvi. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 21.09.2011