Hopp til innhold
X
Innhald

Nordheimsdalen naturreservat

Nordheimsdalen ligg på austsida av Aurlandsfjorden, eit stykka utanfor der fjorden deler seg i Nærøyfjorden og fjordarmen som går innover mot Aurland og Flåm.

Eit 13.330 dekar stort barskogsområde i Nordheimsdalen vart gjort til naturreservat i 1999. Nordheimsdalen har noko av den mest typiske urskogen på Vestlandet.

Nordheimsdalen var i gamal tid ein bygdealmenning der folket i Aurland kunne hogge tømmer.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 24.10.2007